Fredriksten festning, der festivalen Tons of rock vart arrangert. Foto: Snorre Løvås

Fredriksten festning, der festivalen Tons of rock vart arrangert. Foto: Snorre Løvås

2014 kom med eit nytt tilskot i den norske festivalfloraen. I Halden vart historiens fyrste Tons of Rock gjennomført i juni. Ei breibeint satsing på rock og metal vart svært godt teken i mot av publikum, presse og artistar, og namnet kjapt etablert. No er programmet for årets festival klart, og festivalsjef Svein Bjørge fortel at alt ligg til rette for nok ei god festivalhelg i sumar.

– Ja, de arrangerte fyrste festival i fjor sumar. Korleis gjekk det med gjennomføringa, besøkstala og det økonomiske?

– Det gjekk rett og slett strålande på alle måtar. Økonomisk går vi tilnærma i null, noko som er oppsiktsvekkjande i eit år der ein startar opp. I tillegg var publikum kjempenøgd; vi gjennomførte ei spørjeundersøking i etterkant av festivalen, der 96 % av dei vitjande var svært nøgde med opplegget, og sa dei ville kome attende. Betre kunne det nesten ikkje vore.

Festivalen hadde 12 000 vitjande over dei tre festivaldagane, noko som er eit teikn på kva format vi snakkar om her. Tons of rock sette tidleg lista høgt. Men la oss ta eit steg attende, og sjå på kor det starta.

Festivalsjef i Tons of Rock, Svein Bjørge.

– Kva var idéen bak denne satsinga? Freista de å fylle eit tomrom?

– Eg, som festivalgründer, såg at det mangla noko i tilbodet i Noreg, særskilt etter at Norway rock (tidlegare Kvinesdal rock festival) gjekk konkurs i 2011. Og av ein eller annan grunn så er det ingen som har plukka opp den hansken, overraskande nok. For det er eit stort publikum for denne typen festivalar; om ein skodar til utlandet, ser ein kjapt at dei største festivalane der, er dei som byr på rock og metal. Så eg tenkte at då drar vi i gang i ein slik festival.

– Og publikumet er lojalt, det er ei kjend sak i bransjen at dei som lyttar til denne musikken er svært dedikerte. Slik er det over heile verda, og det er grunnen til at denne type festivalar er dei største. Publikumet kjem igjen år etter år. I tillegg er det ei spreidt gruppe, med folk frå dei heilt yngste til dei eldre.

Halden-festivalen har ein breiare musikkprofil enn mange av dei meir snevre sjangerfestivalane som det er mange av landet rundt. Dei er ingen rein metal-festival, men har ei breiare rock-, tungrock og metal-line. Festivalsjefen greier ut:

– Vi har ingen direkte konkurrentar. Det finst ein del mindre festivalar som rettar seg mot smalare sjangrar. Infernofestivalen, til dømes, byr på meir ekstremmetal, men så er jo det også ein innandørsfestival på vinteren. Så har vi Karmøygeddon i Haugesund, det er ein mykje mindre festival. Men vi tok altså denne plassen i 2014 som Noregs nye, store festival for tyngre rock.

Og det har Noreg godt av. Det finst mange solide nisjefestivalar, og dei er gull verd for fansen. Men ein større festival som samlar fleire, og gjev spelerom for større artistar, er god å ha.

– Tons of rock er eit ambisiøst intiativ. Korleis finansierer ein slikt?

– He he, det er jo ein sjangse å ta, men det var vi førebudde på. Vi tre som starta opp (Svein Bjørge sjølv, Mads Martinsen og Jarle Kvåle) er organisert i eit aksjeselskap, stort sett dekkjer vi utgiftene gjennom billettsalet, men også med støtte frå nokre få små sponsorar og litt drahjelp frå Halden kommune. Det har gått veldig bra, og vi slepp å sove dårleg om natta.

Og korleis vert det i år, vert det annleis på noko vis?

– Det vi høyrer frå dei som var der i fjor, er at vi traff på det meste, og difor vert festivalområdet, plasseringa av scenane og logistikken heilt lik i år. Det einaste er at scenane har vorte litt større. Vi klarte også å gjennomføre ein festival utan køar i fjor, og målte dei lengste ølkøane til tre minutt på det lengste. Det er unikt.

Ruzt-redaksjonen einast om at slikt er ei stor bragd. Ingenting er meir irriterande på festival at slike ting ikkje er på stell, og at ein står i barkø når favorittbandet går på scena.

– Tilbakemeldingane frå pressa og artistane har også vore heilt fantastiske. Både med tanke på sjølve gjennomføringa, men også Fredriksten festning og omgjevnadene der.

Fredriksten festning, bygd i 1660-åra, gjev ei historisk og sjeldsynt atmosfære for ein rockefestival. Staden har vore arena for kampar mellom Noreg/danmark og Sverige, og i seinare tid scene for TV2-programmet Allsang på grensen. Kontrastane må seiast å vere tydlege.

– Har de noko tilknytning til Halden, eller korleis blei det dette festningsverket?

– Nei, ikkje i det heile. Fyrste gongen eg såg festningen var då eg var på befaring der for å vurdere staden til festivalen. Då tenkte eg at dette må vere blant Noregs, og kanskje Europas meste spektakulære konsertarenaer, vi er jo inne i denne gigantiske festningen, som er ein av dei beste bevarte festningane i Europa. Så råma til festivalen er dette vesle ekstra, som dei som kjem får på toppen av alt. Vi føler at sidan det er så mange festivalar i landet, er det viktig med ekstraopplevinga på eit arrangement som dette. Det å stå og høyre på tyngre rock inne på ein festning, gjev ein stor bonus.

– Halden er også vald av di det er svært enkelt å kome seg dit, noko som er viktig for folk. Det går tog til og frå Oslo kvar time, og det er gode vegar både i den retningen (1 time og eit kvarter mellom Oslo og Halden), men også til og frå Sverige.

– Ja, hadde de mange som kom langveisfrå i fjor?

– Nja, vi hadde 8 % utanlandsk publikum fyrste året. I år mistenkjer vi at det vil vere litt fleire, noko besøkstala på nettsidene våre kan tyde på. Vi er faktisk i ferd me å verte kjend utanfor Noreg òg.

For alle tilreisande kan det vere verdt å nemnde at festivalen har eigen campingplass heilt attmed festivalområdet, ved golfbana i Halden, med ein velfrisert plen.

– Men vert det noko golfturnering?

– Nei, det blir det ikkje, he he. Det er nok eit publikum som ikkje er så veldig opptatt av golf.

762194E4-BFE3-4E29-8DF2-7E21F7B46892

No er heile programmet for årets festival på plass, og artistane fordelte på dagar. Headlinere som Twisted Sister, Opeth, Testament, Venom, Seigmen, Dum Dum Boys, In Flames og Kreator skulle vere fristande for kvar og ein, og lista med band lengre ned på plakaten er heller ikkje å kimse av for den musikkinteresserte. Korleis sjonglerer ein så mange artistnamn?

– Det er ei stor logistisk utfordring å leggje puslespelet med artistar som skal plasserast på ulike dagar, der tilgjenge og pris spelar inn. Vi er ei bookinggruppe på tre som møtes kvar måndag, og sit og vurderer slikt som pris, tilgjenge og kor artistane passar inn.

Tons of rock starta stort, og ingenting tyder på at festivalleiinga har tenkt å dempe seg med det fyrste.

– Nei, ambisjonane er jo at vi skal vekse. Men vi skal leggje stein på stein. Det er mange som ynskjer seg dei heilt store artistane som AC/DC og Metallica og slike til festivalen, men det krev eit heilt anna apparat – og økonomi. Vi kan ikkje kome med slike artistar på det andre året vårt. Alle er tent med at vi gradvis byggjer opp festivalen, så får vi sjå kva framtida bringer.

– Men de gjekk hardt ut allereie fyrste året, og blei fort lagt merke til?

– Ja, vi følte at det var forsvarleg med det budsjettet vi hadde, og det synte seg jo å stemme rimeleg godt. Og årets lineup skulle vere tilsvarande, eller kanskje endå eit steg vidare framover, om ein ser på det heile.

Tons of rock har plass til 7000 vitjande kvar dag, 21 000 på dei tre festivaldagane. Det er framleis godt med plass, men Bjørge reknar også med at det kjem ein god del meir folk i år. Festivalen går av stabelen 18.–20. juni 2015, og alt ligg til rette for ei god oppleving for den som likar tyngre gitabasert musikk. Nettsidene er nyss oppdaterte med program og brennaktuell informasjon, og vi ynskjer Noregs store tungrockfestival lukke til med avviklinga!

K. Herregaard