Den berykta moskussafarien

Den berykta moskussafarien

Vi er velsigna med eit stort utval musikkfestivalar her i landet. Sjølv innan metal og rock finst det eit solid tilbod som dekkjer dei fleste undersjangrar, både store etablerte festar som femnar breitt og går over mange dagar, til mindre og smalare arrangement som går over éin kveld. Som publikum kan vi velge og vrake, dra på det som freistar, reise langt eller halde oss til det som skjer i nærmiljøet. Store sumarfestivalar set opp kommersielt store artistar og trekk til seg tusenvis av vitjande. Mindre festivalar prøver og feiler seg fram, ofte med ei blanding av ei handfull trekkplaster og ei rekkje småband. Oppskrifta, scenane og omgjevnadene er ofte mykje av det same. Men eit eksotisk innslag i festivalfloraen er Til Dovre Faller‚ som nyss har gjennomført sitt femte år med festival.

Publikum: 150 (pluss band og andre involverte). Stad: Dombås, Dovre. Med omlag 1200 innbyggjarar i bygda kan ein ikkje rekne med at det lokale metalmiljøet skal finansiere festen. Då er det vel tryggjast å booke nokre store, kommersielle trekkplaster for å trekke folk utanfrå, og spe ut med lokale og ukjente band? Vel, nei. Slik gjer dei ikkje der. Og godt er det, for eg hadde neppe sett meg inn i ein bil og køyrd 8–9 timar for å vere på nok ein slik type festival.

Festivalsjef Morten Thøring booker med stø hand dei banda han sjølv likar frå den levande undergrunnsscena, og andre som er høgaktuelle innan tradisjonelle metalsjangrar. Og med det klarer han å stable på beina eit solid knippe artistar, så solid at det er verd å dra langt for å oppleve denne festivalen. Når det i tillegg vert halde på ein så… obskur stad som Dombås – eit trafikkknutepunkt for tog, moskus og tyske fallskjermjegrar – vert totalopplevinga heilt utanom det vanlege. Ja, og la oss ikkje gløyme at dei aller fleste som kjem til festivalen er tilreisande frå heile landet – det gjer noko med stemninga, særleg når publikumsmassen er så kompakt, og er samansett av folk som har for vane å reise festivalar. Slikt vert det mange kjende andlet av.

Dette publikumet har tidlegare år møttest til festival i ein gymsal ved det gamle hotellet, der ein scene bygd på pallar har stått i eit hjørne. Det er noko med å stå å søle øl på eit grønt golv i ein sliten gymsal medan det står nokre menn med blod i trynet og messar om misantropi og hat frå hjørnet. Vissa om at dette er noko intimt og intenst, noko som kun er for desse få som er her akkurat no, ekslusivt og ekte.

Barlivet

Barlivet

I år har hotellet opna eit heilt nytt bygg, og scena er flytta ned i kjellaren på dette – i festsalen på hotellet. Og ja, det er akkurat så konferanseprega som det høyrest ut. Stundom følte eg at eg var på årsmøte i ein interesseorganisasjon for metal og hardrock, med ekstra god flyt i baren. Det vart heldigvis ingen paneldebatt om kva som definerer death metal («Possessed eller Arch Enemy» – hva skal man velge?»), workshops i thrash-riffing («hvordan spille fortere») eller teambuilding med innleide motivatorar innan black metal («Satyr forteller: allsangen og deg»).

Vel, nokre former for teambuilding blei det kanskje. Laurdagen tok Stian Fossum (Devil, Beyond the Gates) på seg reiseleiarhatten og tok ei busslast bakfulle og forventningsfulle gjester med seg ut i utkanten av Dovrefjell, på leiting etter moskus, vafler, kaffi og god stemning. Tre av fire er jo ikkje verst! Kai Åsvik fortener også å nemnast, som stod for ei uoffisiell ølsmaking for ei lita gruppe fredagen. Mykje godt.

Den berykta moskussafarien

Øl og fjellheim på moskussafarien

Den berykta moskussafarien

Litt av eit skue

Den berykta moskussafarien

Ei busslast festivalfolk på tur

Ølsmaking

Ølsmaking

Og så blei det musikk, då:

Fredag:
19:30 Mabuse
20:30 Omega
21:30 Virus
22:30 Faustcoven
23:30 Nocturnal Breed
00:30 Portrait

Mabuse

Mabuse

Mabuse

Mabuse

Mabuse hadde æra av å opne denne metalkonferansen. Dei har ein demo og ein sjutommar bak seg, der dei framfører death metal på gamlemåten, i eit lydbilete framstilt på gamlemåten. Det fungerer godt, også på scena. Særleg Jonas Bye sin skrikevokal er heilt makelaus.

Omega

Omega

Gresk-fronta Omega (med skandinavisk besetning) må kunne seiast å vere svært inspirert av Venom og Motörhead, og køyrer ein rocka, rølpete og svingande metalrock. Det er fint driv over det heile, og det dunstar av alkohol, motorsyklar og referansar til gamle band og låtar. Det kunne tyde på fest, men diverre så blir tekstane og uttrykket litt for «morsomt» for meg. Kanskje neste gong.

Virus

Virus

Virus

Virus

Vanskelege Virus har framført ein del konsertar dei siste åra med ein relativt stor besetning, og det har fungert godt. Denne kvelden er dei redusert til ein trio – den opphavlege besetninga. Eg hadde venta at at eg skulle sakna nokre gitarar og atmosfære, men det gjorde eg ikkje. Czral (Aura Noir, Cadaver, Infernö) sine snodige akkordar tek oss over ørkenruinar og kontinentalplater, gjennom døde byar i rustne bilar med ville hundar på slep. Den svært melodiske bassinga til Plenum er så drivande at ein blir reint hypnotisert. Det heile ført stødig framover av tromminga til Esso (Infernö, Lamented Souls, Duplicate Records). Dei spinner merkelege melodiar, og er eit band som fortener å lyttast til før ein ser dei i konsert. Vanskeleg, men alikevel fengjande, og det er styrken til Virus.

Faustcoven

Faustcoven

Faustcoven

Faustcoven

Faustcoven sin seige, mørke og stemningsfulle black-doom trer fram frå mørke skogar, og tek oss med inn i kalde slott til store eikebord med levande lys og røykfull whisky. Faustcoven sin måte å fortelje historiar på er utan sidestykke, og lydbiletet er unikt i norsk samanheng. Difor ser eg ingen grunn til at dei «fyller ut» med heile to coverlåtar på eit så kort sett. På scena svinger bandet frå å vere tilbakehalden og handlekraftig, men samla sett så er konserten sterk.

Nocturnal Breed

Nocturnal Breed

Nocturnal Breed

Nocturnal Breed

Nocturnal Breed er eit av noregs rutinerte thrash metal-band, og gjer ein god figur på den vesla scena på Dombås. Folk er engasjerte og feststemde, og bandet ser ut til å svare godt på energien.

Portrait

Portrait

Portrait

Portrait

Lite publikum på Portrait

Lite publikum på Portrait

Dei svenske hårdrockarna Portrait er energisk heavy metal, med ein dose King Diamond-dyrking i vokalområdet. Det er fengjande og fullt av liv, men diverre ser publikum ut til å ha blitt slitne. Mot slutten av settet er det svært skrint framfor scena. Det er leit, for bandet gjer ein god jobb.

Laurdag:
19:00 Reptilian
20:00 Purple Hill Witch
21:00 Ranger
22:00 Nekromantheon
23:00 Bölzer
00:00 One Tail, One Head

Reptilian

Reptilian

Reptilian

Reptilian

Reptilian er eit av desse Fusa-banda som er i ferd med å bløme om dagen. Dei er unge, men dei spelar gamalt. Dei serverer death metal, og det er velspelt og overtydande. Om desse held fram med det dei gjer, og i tillegg klarer å tilføre sin eigen signatur, vil dei om nokre år verte eit av referansebanda i denne sjangeren her i landet.

Purple Hill Witch

Purple Hill Witch

Purple Hill Witch

Purple Hill Witch

Purple Hill Witch gjev ein svært god doom, og vokalisten har ein fin Witchfinder General-svung over seg – noko som vart stadfesta ved siste låt: Witchfinder General av nemnde band. Purple Hill Witch er nok eit teikn på at det er ein ung og vital generasjon som er i ferd med å vidareføre tradisjonane i den gode metallen.

Ranger

Ranger

Ranger

Ranger

Finske Ranger vart festivalen si store overrasking for meg. Okei, speed metal kan alltids funke, men intensiteten og spelegleda ein kunne sjå her var sterk. Dei haldt køyret oppe gjennom konserten, og ein blei ståande og puste litt etter siste låt. Merk deg namnet, og sjå dei om du får høvet.

Nekromantheon

Nekromantheon

Nekromantheon

Nekromantheon

Nekromantheon frå Kolbotn er så etablert og rutinert at eg ikkje trur dei kan gjere ein dårleg konsert. Det gjorde dei heller ikkje denne kvelden, det var like intenst og velspelt som alltid. Ein blir rive med av denne overmakta, og bandet slepp ikkje taket før gitaren ringjer ut etter siste anslag. Fett.

Bölzer

Bölzer

Sveitsiske Bölzer hadde eg store forventningar til etter å ha spelt den heilt ville demoen og EP’ane deira i fillebitar det siste året. Openberringa kom med deira opptreden på fjorårets utgåve av Til Dovre Faller. Vonet om gåsehud var difor stort denne kvelden. Aromatisk røykelse omhylla band og publikum, dei skrudde av alt scenelys og spelte eit godt utval spreke låtar. Deira særeigne lyd med black- og death-element er heilt unik, og gjev meg att trua på at det framleis går an å oppdage band som ikkje høyrest ut som nokon andre. Med éin mann bak trommene og éin mann med ein 12-strengers gitar og mikrofonstativ framme på scena skulle ein kanskje kunne sakne noko, men pakken er svært gjennomført og gjennomtenkt. Det svinger, det treff, det løfter ein ut og opp. For eit band.

One Tail, One Head

One Tail, One Head

One Tail, One Head

One Tail, One Head

Avslutninga på festivalen stod black metal-bandet One tail, one head for. Meir røykelse, levande lys i kandelaber, hovudskallar og blodstenka kroppar er med på å setje stemninga. Det er rituelt og mektig. Bandet viser sterk autoritet på scena, og er først og fremst eit suverent live-band. Sjå dei.


 

Til Dovre Faller er ei unik festivaloppleving der der er vanskeleg å ikkje trivast. Det er eit lyspunkt i ein allereie sterk festivalflora i Noreg, og byr på noko som ingen andre kan. Slikt gjer inntrykk.

Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Tekst og foto: KB Hus