Ti flotte plater med psykedelisk rock og doom frå 2013

Herregaard har sett gjennom alle dei fabelaktige platene som kom ut i 2013, og som har blitt spelt jamnleg i huset. Av desse har han plukka ut dei platene som kan karakteriserast som psykedelisk rock, doom, drone og denslags, og laga ei topp 10-liste av desse. Resultatet er ei liste med deilig musikk som ikkje har det travelt. Her er det berre å nyte.

1. Altaar – S/T

Norsk, dronete ambient post-black-doom? Altaar er det sanneleg ikkje lett å setje merkelappar på, men stemningsfylt er det. Plata har to spor, eitt på 20 minutt og eitt på litt over 14. Låtane utviklar seg og byggjer seg opp gjennom black metal utan vrenggitar, atmosfæriske droneparti og ein god del gåsehud. Dette er rett.

2. Jex Thoth – Blood Moon Rise

Psykedelisk doom, fronta av ei kvinne med fantastisk god stemme. Dette er ein vanskeleg oppfølgar til ei storslått førsteplate, men dette klarer dei godt. Det heile er meir satt og på plass enn tidlegare, på ein god måte. Og kanskje meir nedpå? Flott er det i alle fall.

3. Purson – The Circle And The Blue Door

Psykedelisk rock frå London, også med kvinneleg vokalist. Dette er debutplata som vi har venta så lenge på, og vi har ikkje venta forgjeves.

4. Sadhak – S/T

Ein herleg kassett med seig doom, type Warning, ispedd tidleg Burzum. Eit einmannsprosjekt basert i Trondheim, med trommisen frå Resonaut og High Priest of Saturn. Dette vil eg ha meir av. Sadhak på Bandcamp.

5. Uncle Acid & the Deadbeats – Mind Control

Denne plata har ikkje fått på langt nær så mykje speletid som debutplata gjorde, så her må det ha skjedd noko. Men plata er framleis ein sterk og fengande dose psy-doom. Og lyden sit godt.

6. Goat – Live Ballroom Ritual

Eg var veldig i tvil om eg skulle tillate å plassere ei live-plate på denne lista, men etter å ha lytta gjennom plata nokre gonger slo det meg at det som svenske Goat gjer, fungerer kanskje best på scena. Difor får deira live-plate innpass her. Debutplata deira, World Music frå 2012 tok meg på senga, og blei spelt i hjel i løpet av 2013. Ein slik kombinasjon av verdsmusikk, spleisa med ein god dose psykedelia, okkulte referansar og jazza improvisasjon hadde eg ikkje venta. For eit band. Dei har klart å fange ein del av magien frå konsertane på denne plata. Dei kom forøvrig med ein EP, Dreambuilding, i 2013, som er verdt å sjekke ut.

7. The Black Angels – Indigo Meadow

Noko av det næraste eg kjem The Velvet Underground i dag. Deilig, lett psykedelia frå Texas.

Videoen Starchild frå EPen The Ballad of the Starchild.

8. Naam – Vow

Psykedelia frå Brooklyn. Desse flyg litt under radaren, med fy flate så solid dette kan vere. Her er det heile krydra med elektronikk, som fører det heile endå lenger ut i kosmos.

9. High Priest of Saturn – S/T

Psykedelisk doom frå Trondheim. Litt ujamnt her og der, men eg er på god veg til å la meg gripe.

10. Kadavar – Abra Kadavar

Digg retro-rock frå Berlin. Skjegg inkludert. Ute på Nuclear Blast, av ein eller annan snodig grunn.

Det er nesten litt leit at gudfedrene for så å seie alle desse banda over, Black Sabbath, ikkje kom med på denne lista med si plate 13. Men med eit slikt lydbilete dei frontar i dag, forsvinn diverre ein god del av den magien dei mana fram då dei var på sitt beste. 13 inneheld fleire gode låtar, men stafettpinnen innan (psykedelisk) doom er overlevert til yngre generasjonar. Og det er greit.

– K. Herregaard

Lytt på Spotify: Topp ti psykedelia og doom 2013

3 Kommentarer

  1. Kult KB. Masse digg å høre på i mørket :)

  2. Hvor er Magic Circle? Ellers enig med Kadavar og Uncle Acid. I tillegg var det en del på lista jeg ikke har sjekket ut.

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*

© 2017 Ruzt.no

Theme by Anders NorenUp ↑