TagBlastfest

Blastfest 2016 – torsdag

20160218-DSCF7703

Tøylappar til sals i ein av bodene på Verftet

Onsdagen er vel overstått, og vi går vidare til dag to av Blastfest 2016. Festivalen har roa ned på dei tidlege arrangementa rundt om kring på scenar elles, og konsentrerer seg om festen på USF Verftet. Ikkje at det skortar på band der, 15 band står klare fordelt på tre scenar. Fullt program, og nok å velge i. Det verkar som om overgangane mellom banda er mjukare i år, og lagar mindre krøll for dei som ynskjer sjå fleire band på rad. Dei to minste scenane (Sardinen og Studio) har nøyaktig same sendeskjema, så ein må ta valet på førehand om kva for eit band ein går for. Og når dei to konsertane på dei små scenane er ferdig, startar banda på den store scena (Røkeriet). Overgangen andre vegen er ti minutt. Sidan publikum som regel ikkje blei slept inn på Studio før ti minutt før bandet gjekk på, danna det seg litt kø oppover i trappene, men alt i alt gjekk flyten betre i år.

Les mer

Blastfest 2016 – onsdag

20160218-DSCF7701

Alle gode ting er tre

På tredje året har Bergensfestivalen Blastfest smurt maskineriet, og festivalflyten er etablert. Ruzt.no går gjennom noko av det vi fekk med oss.

Så var tida her igjen, då. Blastfest let seg ikkje stoppe, men går inn i sitt tredje år, og har med det gjort seg sjølv til ein tradisjon i metall-verda i vest. Med tradisjonar kjem forventningar, og der dei første åra lugga litt vel mykje, ser det tredje året ut til å fungere langt betre for Ruzt-skribentane. Logistikken flyt betre, banda ein ser kan ein i større grad sjå utan å gå glipp av andre, og arrangørane ser ut til å ha modnast. Vi har hygga oss, sett mange band, og generelt hatt ei svært god festivaloppleving.

I år satsa festivalleiinga på kun norske band, som sikkert er bra for bookinglommeboka, men som også syner seg å vere ein god måte å presentere aktuelle undergrunnsband, etablerte storband, samt ei handfull legendar på. Og for dei tilreisande – som jo er ein heil del frå utlandet – er dei norske namna på plakaten ein fin rockebukett.

Les mer

Blastfyll 2016

Fyllik på Blastfest 2

1349-Blastfest-2016-02

Foto: Jarle H. Moe www.jarlehm.com/

Etter å ha lest gjennom fjorårets fyllerapport fra Blastfest, må jeg erkjenne at jeg klarte det igjen på Blastfest sitt tredje år; Jeg ble dritings.
Dette hadde jeg for så vidt klok av skade forutsett, så av festivalens fire dager, valgte jeg meg ut festivalens tredje dag, fredagen. Les mer

Blastfest i emning

header_04

Ah, endeleg måndag! Heldigvis er det straks helg. I alle fall om du er klar for metallfestival: onsdag allereie opnar den tredje utgåva av Blastfest dørene. Dette året legg festivalen seg på ei heilnorsk linje, og presenterer mindre og større band frå Noregs rike. Variasjonen er framleis stor; her finn du ferske demo-band, veksande undergrunnsband, store og etablerte artistar, samt ei handfull legendar frå fortida. Vi tel 52 namn på plakaten, så ambisjonane er på ingen måte dempa – her blir det full rulle frå tidleg til seint. Vi hugsar frå dei to fyrste åra at allereie frå dag éin gjekk arrangøren hardt ut for å stable på beina den nye metall-festivalen på vestlandet, og no som tredje utgåva er her får vi  seie at Blastfest definitivt er etablert som ein nisjefestival innan «alternativ» musikk i Noreg.

Les mer

Blastfest 2015: del 3 – laurdag

Satyricon

Satyricon

Laurdag

To av Ruzt.no sine utegåande var også på plass på Blastfest sin siste dag. Vi fekk med oss ein handfull av dei vanvittig mange banda som spelte, og kastar her lys over nokre av dei.

Andre blastfestsaker:

Del 1 – onsdag og torsdag
Del 2 – fredag

Konfrontasjon med Naer Mataron
Intervju med Orange Goblin

Les mer

Blastfest 2015: del 2 – fredag

Satan

Satan

Ruzt.no freistar å kome til hektene, og ser på nokre av høgdepunkta frå fredagen på Blastfest. 

Fleire Blastfest-saker:

Del 1 – onsdag og torsdag
Del 3 – laurdag
Intervju med Orange Goblin
Innblikk: Naer Mataron

Les mer

Blastfest 2015: del 1 – onsdag og torsdag

20150219-DSCF8613

Primordial på Verftet, torsdag.

 

Den framleis ferske metal-festivalen Blastfest vart halden i Bergen for andre gong i veka som var. Dette nye tilskotet i festivalfloraen opna svært ambisiøst for eit år sidan, med ei stor og brei satsing på band innan mange undersjangrar i metal. Det har vore mykje snakk om økonomiske utfordringar, uklar musikalsk profil, og jantelova har gått varm. Men festival har det blitt, og 2015-utgåva av festivalen ber ikkje preg av å ha lågare ambisjonar enn i fjor, tvert om. Heile 55 band har vore på plakaten over dei fire dagane, og det har vore ei rekkje tilbod om aktivitetar utanfor pensum. I motsetning til i fjor, har årets billettsal gått bra, og det har kome særs mange tilreisande for å få med seg Blastfest 2015. Ruzt.no ser litt på kva som har skjedd, og tek for oss nokre av våre høgdepunkt og skuffelsar gjennom dei mange festivaldagane.

Fleire Blastfest-saker:

Del 2 – fredag
Del 3 – laurdag
Intervju med Orange Goblin
Innblikk: Naer Mataron

Les mer

Orange Goblin – Atten år med kamp

Orange Goblin Zwei

For mange er musikken til Orange Goblin kanskje enkel. Det betyr ikke at de ikke har variasjon. Orange Goblin har i atten år bevist at det er flere måter å flå en katt på. De har også opplevd sitt definitive gjennombrudd. Les mer

Årets Ruzt-beste

FOLKET KREVER LISTER!

Vi i Ruzt forsøker å gi dere kvalitets-intervjuer med våre favorittband, aktuelle plateanmeldelser, dypdykk i subsjangere og historier om glemte rockehelter, men det dere aller helst vil ha er lister! Så her kommer den, Ruzt-reaksjonens 2014-liste!

Les mer

© 2018 Ruzt.no

Theme by Anders NorenUp ↑