Seigmen-press-photo-by-Bjørn-Opsahl2-1280x720
I dag slepp dei gamle heltane i Seigmen si nye plate Enola, det fyrste albumet dei har gjeve ut på 18 år. Tønsberg-bandet var på 90-talet eit av Noreg sine verkeleg store rockeband. Deira teatralske framtoning, outsider-statusen, flørten med det feminine, og arbeidet med å vere rockestjerner bergtok svært mange, kanskje like mange som dei støytte frå seg, av nett dei same grunnane. At bandet – inntulla i svarte plast-bukser og augesminke – vart møtt med jantelov og sterke meiningar, gjorde sitt til at sambandet mellom artistane og fansen styrkte seg endå meir. Seigmen har ein solid flokk av tilhengjar etter seg, og det er mykje av årsaka til at Seigmen har kunna leve så sterkt så lenge – sjølv utan å gje ut ei skikkeleg plate på 18 år.

Etter dei gav ut Radiowaves i 1997, og eit par år seinare bestemde seg for å løyse opp gruppa, har det ikkje kome nye låtar frå Seigmen. Dei etterlot seg den særs gode oppsummeringa, og godt namngitte samleplata Monument i 1999. Etter ei stille, der ulike bandmedlemmer gjekk vidare med Zeromancer, Ljungblot og ymse andre bandprosjekt, hadde Seigmen eit comeback i Dødens dal i Trondheim i 2005. Dette fanga dei på film, og gav materialet ut i 2006 på konsert-DVD’en Fra X til døden. Dette gav næring til fansen, og bandet gjorde i kjølvatnet ei handfull konsertar rundt om. Ein av dei vart festa på plate, og Rockefeller kom seinare i 2006. Då Den Norske Opera & Ballett opna sitt nye praktbygg i Bjørvika i 2008, måtte dei ha nokre folkelege alibi, i kampen mot elitekulturstempelet og retrogardistar. Dei oppmoda ei handfull rockeartistar til å halde konsertar i det nye bygget, og Seigmen haldt eit par der. Igjen tok dei opp det som skjedde, og gav nokre år seinare ut ein sterk audiovisuell pakke i DVD’en Seigmen i Operaen i 2012.

Rundt alle desse produkta dei har gjeve ut etter 1997, har dei nytta høvet til å gjere konsertar og forvalte arva vidare. Omgrepet «comeback» har difor mista meining (som det altfor ofte gjer), men no kjem altså eit fullverdig album. Dei har omsider møttes i studio att, og spelt inn ti nye låtar på plata Enola. Korleis høyres 90-talls legendane ut i 2015?

Seigmen i gamle dagar

Seigmen i gamle dagar

Det korte svarte på det spørsmålet er: Dei høyres ut som Seigmen. Dei fleste fryktar det verste når gamle heltar kjem tilbake til manesjen, men Seigmen landar støtt. Dei har ikkje sete seg ned og på trass vedteke at nytt musikalsk stoff skal vere annleis og uventa. I staden skodar dei nedover tidslina som ligg bak dei, og plasserer seg ein stad mellom Total og Metropolis. Om dei på den førre plata Radiowaves leika seg med elektronikk, kulde og språklege avsporingar (engelsk), er dei på Enola (2015) attende i det dunkle landskapet som definerte Seigmen som vi kjenner dei. Elektronikken er vekke (og vonaleg planta for all tid i sideprosjektet Zeromancer), attende står skimtvis solide, melankolske poplåtar –  utan fullgod tyngde.

Opningslåta Hva vi elsker har allereie fått mange rundar i eteren, og det er ei svært solid pop-låt, heilt på høgde med crowd pleaser-låtane på Metropolis. Signatur-tromminga til Noralf Ronthi er på plass, som om ingenting har skjedd sidan sist.

Andrelåta Trøst er visstnok restar frå høgdepunktet Total, og der arbeidet med Enola starta. Det er her eg sterkast vert kasta inn i fortida, og for alvor kjenner på det Seigmen som har vore så viktig. «Så altfor mange mennesker her / som ikke bryr seg om hvem du er».

Nok ein klassisk Seigmen-intro opnar Forevig og alltid, før sprengkrafta kjem til i refrenget. Strykarane i bakgrunnen held det på plass.

Utopia i mine armer gjev meg fleire minne om Metropolis, og det kan då ikkje vere eit dårleg teikn. Diverre vert det gode litt for repetativt, og utopia renn ut i sanden.

Kjærleikssongen Til verdens ende vert for simpel i lyrikken. «To skjebner, én sjel»… det kunne vore jobba ein heil del meir med teksten her, og det gjeld forøvrig vidare ut over plata også. Det er leit, for det musikalske her fungerer svært godt, og har den tyngden eg ventar. Det er tøft. Men gode låtar må vere fullstendige, og her manglar det ein heil del.

Så kjem Tenn alle lys, og håpet dør ut. Det vil seie, sjølve songen omhandlar nok håp, men oppmodingane på denne balladen om å kjenne på varmen vert for mykje av det gode. Det vert rett og slett flaut å høyre på. Dette held ikkje, ikkje etter ein er ferdig med ungdomsskulekonsertane. Dette er stryk. Dette har ingenting med Seigmen å gjere.

Deus følgjer, og fungerer som eit slags tittelspor på plata. Igjen kjem assosiasjonane til tidlegare tider attende, men låten får for lite tid til å utvikle seg.

Monokrom fyller også nokre minuttar, men har heller ikkje noko føremål.

I mitt hus dreg bandet på igjen, og låten har både takt, tone, dynamikk og lyrikk som er bandet verdig. Det mytiske landskapet opnar seg att, og det er lett å la seg leie inn i dommedagsprofetiane. Vokalen til Alexander Møklebust er godt plassert her (og forøvrig elles på plata). Kanskje den beste låten på plata.

Avslutningslåta heiter Hvit stjerne hvit støy. Det er igjen ein ballade, ein roleg liten sak, der artistane lar det gå langsomt. Stemninga er var og ettertenksom, og bileta i teksten klarar nesten å redde det sukkersøte refrenget. Det er så nært, og eg er trygg på at dette er ein kjempeflott låt for nyforelska par rundt om i riket. For kynikarar og hedonistar og folk flest vert dette nok ein låt som ikkje når opp.

Seigmen_enola

Enola

For å oppsummere: I denne nya tida er det noko som ikkje heilt har klart å kome fram frå oska. Det mørket som var med å gjere Seigmen til noko meir enn eit godt rockeorkester som song på norsk. Dei gamaltestamentlege visjonane, sjelegranskninga, sorga, vonløysa. Tekstane og låtmaterialet på Enola er rett og slett i overkant søtt. Seigmen har jo aldri vore redd for å snakke om følelsar og det indre, men det var mykje kaldare på Pluto (1992), Ameneon (1993), Total (1994) og Metropolis (1996). Og kan hende makta ein meir kliss i ungdomen, då Seigmen hadde sin gullalder, men det er ikkje det som sit att i dag. Det store, kalde universet er det som trakk lyttarane inn, men på Enola får vi berre små glimt av dette. Bakteppet er det same, men ein heil del verdsleg håp og kjærleik er i hovudsetet no: «Vi er ment for hverandre», «Tenn alle lamper, kjenn på varmen», «Akkurat nå betyr du alt for meg». Dette vil drive alle som allereie syntes Seigmen var litt for klissete, avgarde i vill flukt. Det blir for mykje sødme, og for lite undergang.

Låtane generelt ber preg av å ikkje få utvikle seg heilt, dei når ikkje det ibuande potensialet sitt. Det er mange gode tonar, harmoniar og klangar overalt, men det vert halde litt for mykje tilbake. Det verkar som om ein har vore redd for at komposisjonane skulle bli for lite radio- eller scene-venlege, og difor pakka det heile inn i lette pop-pakkar. Det er litt for kalkulert.

Dette er det sjette albumet til Seigmen, og den første ordentlege plata deira på 18 år. Det er difor lov å lytte ekstra kritisk. At ein heile tida vert speidande attende i tid er kanskje naturleg, grunna omstenda, men plata skal like fullt kunne bere låtane sine aleine – utan hjelp frå fortida. Og sjølv om plata har Seigmen sine namnetrekk over heile seg, og heilskapen er god, er ho isolert sett ikkje minneverdig nok. Ho tåler mange rundar, og gjev mange fine stunder både for dei som har fulgt bandet i lang tid, og andre som vil høyre på eit norsk rockeband på norsk. Men Seigmen kan meir, og eg vonar at dei anten syner det på si neste plate, eller let dette vere eit siste andedrag, før dei for alvor løyser opp bandet, og let resten vere historie. Det hadde ikkje vore det verste, å la meg ligge igjen, med alt det gode som er gjort.

 

Seigmen speler på Verftet i Bergen 17. april, og på Bergenhus festning 29. august 2015.

Seigmen – Enola.
Indie Recordings 2015

1. Hva vi elsker
2. Trøst
3. Forevig og alltid
4. Utopia i mine armer
5. Til verdens ende
6. Tenn alle lys
7. Deus
8. Monokrom
9. I mitt hus
10. Hvit stjerne hvit støy