Plateomslag Execration – Morbid Dimensions

Plateomslag teikna av Kristian Valbo

Norske Execration tek oss inn i snodige landskap med sin progressive death metal.

Death metal-scena i Noreg er ikkje kjempestor, men av dei banda som gjer den skitnare typen dødsmetall på gamlemåten er det mykje kvalitet å finne. Obliteration, Diskord, Mion’s Hill og Gouge er nokre av dei banda innafor gamleskule-death metalen som har mykje spanande å bidra med om dagen.

Og så har vi Execration, då. Dei kjem no med si tredje plate, som ber namnet Morbid Dimensions. Med denne plata høyrest det ut som om det tek endå eit steg ned i det snodige og eksperimentelle – men framleis solid planta i eit drivande klassisk death metal-landskap. Og nett drivet er eit nøkkelord her. Fy flate som ein får fot av dette! Alle innskot og utbrot av dissonante halvtoneriff, kjølige ekko, snodig strengeplukking og uventa vendingar tek ikkje foten av pedalen, men bidreg til å halde på interessa. Ja, det er interessant, og ja, det blir hytting med neven.

Som alltid når ein klistrar merkelappar på musikk, kan ein vente at eit death metal-band følger vante oppskrifter. Men Execration klarer å verne om sine eigne verkemiddel og halde på sin eigen etablerte, velkjende klang. Det er liten tvil om kva type musikk dette er, samstundes som det høyrest ut som Execration. Eg er imponert over kor atypiske riff dei klarer å snekre saman – til tider heilt latterleg enkle – men som saman med heile instrumenteringa maktar å gjere det langt meir interessant enn dei ofte resirkulerte riffa til meir uinspirerte band innan same hovudsjanger. Godt jobba! Når gitarane ikkje held på med knusetøff harving, skapar dei ein ritualistisk, ond atmosfære. Og det er mykje stemningsfull atmosfære på denne plata, noko som legg til rette for endå meir innvendig ugh! ved neste trommebrekk, når låten rullar bestemt vidare.

Pressefoto: Carsten Aniksdal

Pressefoto: Carsten Aniksdal

Produksjonen er glimrande, eg er imponert over kor klart alle instrument kjem tydeleg fram utan å måtte leite etter dei. Basslyden er klar og drivande, trommene varierte og balanserte. Vokalen har kanskje fått endå meir plass i miksen sidan sist, og sjølv om han hovudsakeleg held seg til god, klassisk magevrengande skriking, finst det òg ein sjeldan gong glimt av variasjonar med messande, rivande vokalparti. Slike variasjonar kunne vi gjerne høyrt meir av, dei fungerer svært godt.

Det heile er organisk og fint, og passar dette materialet perfekt. Eg kan ikkje tenkje meg desse låtane i ei meir polert og ubalansert form.

Execration framstår no som mindre grumsete, mindre doomy, meir fokusert og meir solid enn tidlegare. Forrige plate, Odes of the Occult (Duplicate Records, 2011) var òg ei knallsterk plate, men mykje seigare og skitnare enn denne. Dei kunne ha tatt steget i begge retningar, og truleg gjort det greit i den nedstemte undergrunnen, men eg er overtydd om at det er mykje meir å hente i det som skjer på Morbid Dimensions. Om dette bandet skal ha eit slags gjennombrot – i den grad norske undergrunnsband i denne sjangeren kan få dét – er det ikkje usannsynleg at det vil skje med Morbid Dimensions.

Vi får håpe på fleire konsertar framover. Det var fabelaktig på Beyond the Gates i 2013. For dei som er på austlandet kan ein sjå Execration på festivalen Krater den 10. oktober, og på Kolben i Kolbotn 24. oktober (saman med Obliteration og Diskord).

Usaklege og synsande stikkord om låtane følger. Låttitlane er forøvrig gjennomført knalltøffe!

Cosmic Mausoleum
Plata opnar med seig dissonans, og målar ein truande atmosfære i mange minutt, før det bryt laus i klassisk death. Ved eit brot seinare i låten tresker dei på. For eit driv! Knallsterk opning.

Ritual Hypnosis
Mykje leiking oppover og nedover på gitarhalsen her. Gitarane delvis følger kvarandre, og delvis bryt ut i digge harmoniar.

Doppelgangers
Open og ustrukturert opning, før melodiane stig fram. Kaldt og jævlig. Tremolos og pull offs. Her er nokre av desse uventa partia som ein ikkje skulle tru skulle fungere, men som gjer det.

Morbid Dimensions
Tittelsporet galopperer avgarde. Nokså thrasha etterkvart. Eit svært representativt kutt som viser spennet til dette bandet i dag.

Tribulation Shackles
Uuuuuuh! Seigt og simpelt. Eit avbrekk frå det brutale som elles pregar plata. Ritualistisk, messande vokal ligg delvis under standardvokalen. Sakte nedstigning mot slutten.

Vestiges
Fy flate så tøft. Sakte og manande i starten, før drivet kjem på. Intensiteten bølger att og fram. Delvis «eksotiske» melodiar. Kanskje eit hint av black metal. Ein av favorittlåtane mine om dagen.

Ancient Tongue
Kjempesterk låt. Dette er ei lang ferd, og ein skal innom mykje, men det er vel verdt det. Svart løype.

Miasmal Sabbath
Solid saktemusikk, før meir rocka saker.

Funeral Procession
Trege, opne, dissonante strenger i snodige retningar, før thrashen kjem fram for fullt. Plata vert runda av med eit tilbakhaldent ugh! Kva meir kan ein ynskje?

Sleppdato på Morbid Dimensions er 29. september 2014, og ho kjem ut på Duplicate Records.

Låtar
1. Cosmic Mausoleum, 7:20
2. Ritual Hypnosis, 5:17
3. Doppelgangers, 7:20
4. Morbid Dimensions, 6:36
5. Tribulation Shackles, 8:22
6. Vestiges, 8:00
7. Ancient Tongue, 5:18
8. Miasmal Sabbath, 7:36
9. Funeral Procession, 4:40

Speletid: 59,09

Lytt til tittelsporet – Morbid Dimensions:

Av KB Hus