Eit av verdas største black metal-band rundar 30 år, og freistar finne forma att.

The True Mayhem vendar attende til eit industrielt og maskinelt ljodlandskap på si siste plate Esoteric Warfare. Komposisjonane er delvis strenge og faste i formen, og minner stundom om den militante Grand Declaration of War (2000). Låtane har mange av dei same ingrediensane: dei er stykka opp, stappfulle av ulike riff og variasjonar som stoggar opp, ringjer ut og fer i veg att med ei anna takt. Det er mykje dissonans og atonalitet i riffinga, og ofte får ikkje spenningane dette skapar kome til nokon konklusjon. Det gjer musikken delvis vanskeleg å lytte til, men det byd også på ein kompleksitet som er utfordrande og interessant. Trommer og bass held gjerne fram med sitt når gitarane kimer ut. Litt ungarsk kvining kjem over det heile, og vokalist Attila Csihar har vorte ein svært sentral del av pakken til Mayhem. Det er eigentleg ikkje mykje skriking og agressiv vokalbruk å finne, men meir grumsete kviskring, droning og snakke-syngjing. Stundom er vokallinene reine, farga av den eksotiske aksenten til Attila. Eg saknar meir messing og melodiøs vokalbruk på denne plata.

Mayhem-Esoteric-warfare-cover-small-version-RGB

Gitarist og låtskrivar Blasphemer har tilført Mayhem mykje godt dei siste åra, og har vore viktig i å skape ljoden til bandet i dag. No er han ute av bandet, og Teloch (frå mellom anna Nidingr og Orcustus) er ny gitarist. Det verkar som bandet freistar å halde fram med dei same formlane som har vore nytta på Ordo ad Chao (2007), Chimera (2004) og Grand Declaration of War (2000), men resultatet vert ei openberr tilnærming til dette, heller enn å nytte desse verktøya til å skape noko nytt. Klangane har vorte prega med klisjéar, og ein føler at den ulne produksjonen er kalkulert med i produktet. Det uventa vert føreseieleg.

Når plata kjennest vanskeleg og utilgjengeleg kan dette vere ei teikn på at vi lyttar til eit verk som skal vakse og bli betre etter mange lyttingar, når vi «forstår» låtane. Men i dette tilfellet verkar det som om mengda riff og vanskelege vendingar er sette saman utan å ha eit klårt driv i kvar låt. Flyten manglar. Dette gjer at eg ikkje har ei von om at plata skal verte noko meir enn interessant i nokre veker, før ho fell attende til skuggane der ho kom frå. Denne manglande drivkrafta vil også verte synleg frå scena; få av desse låtane er særskild venlege for eit konsertpublikum.

No kan ein innvende at Mayhem ikkje har som mål å tekkjast publikum eller lyttarar, og heller vil skape ein vond atmosfære som kallar fram kjensler som dreier seg om meir enn å drikke øl og hytte med neven. Dette kom klårt fram då dei i 2007 gav ut Ordo ad Chao, og framførte musikken frå denne plata i tida etter. Dette ulne, ekle verket er ei plate folk anten elska eller hata – ei plate utan eigentlege låtar, men med rytmiske utbrot, og eit teppe av gitarljodar og knurring, under eit dekkje av «primitiv» produksjon.

Men der Ordo ad Chao er eit svært interessant prosjekt, vert Esoteric Warfare eit kompromiss mellom denne kompleksiteten og eit meir låtbasert black metal-band. Vi sit att med ei plate som korkje er kunst eller tradisjonell black metal, og difor vert ståande og vakle.

Opningssporet Watchers er rett nok svært solid, og kunne vore frå Thorns sin Moonfog-periode. Ei av låtane på plata som har eit klart føremål. Neste kutt, PsyWar, er akkopagnert av ein lei tekst-video som har vore tilgjengeleg som smakebit ei stund. Også denne låten er ei av dei få plata som har ein etter måten tradisjonell låtstruktur, og som fungerer godt. Saman med tredje kutt, den militante Trinity, held denne delen av plata på merksemda. Ved fjerde spor Pandaemon byrjar det heile å gå i oppløysing, og plata framover vert lausare og meir eksperimentell. Ikkje før i siste del av Corpse of Care får vi ei gitarline som hintar til klassikaren De Mysteriis dom Sathanas (1994).

Foto: Ester Segarra

Foto: Ester Segarra

Esoteric Warfare måler ut ei stemning gjennom heile plata, på same måte som Ordo, men er samansett av klårare låtar. Det høyrest ut som Mayhem, men størstedelen av plata er for ustrukturert til at ein sit att med noko særleg av verdi. Nokre utgåver at plata, samt singelen Psywar har ekstraspor med låtar frå noko dei har kalla The Budapest Sessions. Om desse låtane saman med dei tre første frå plata hadde vore samla og gjeven ut som ein kortare EP, hadde produktet vore meir solid enn det vaklande verket som står no. Ein kan heller ikkje stikke under stol at Mayhem framleis flyt på meisterverket De Mysteriis dom Sathanas, og at merksemda dei får er mykje på grunn av denne viktige perioden i black metallen. Krava vert difor høge, og sjølv om ein ikkje kan vente seg ei ny Mysteriis, må det meir til for å halde på krona som eit av landets og verdas beste black metal-band, særleg no som bandet har runda 30 år. Det er lenge sidan Mayhem var så mektige som dei eingong var.

Mayhem – Esoteric Warfare
Utgjeven: 2014
Plateselskap: Season of Mist

Låtar:
1. Watchers
2. Psywar
3. Trinity
4. Pandaemon
5. MILAB
6. Vl.Sec.
7. Throne of Time
8. Corpse of Care
9. Posthuman
10. Aion Suntelia

Lengde: 47 minutt, 21 sekund.