Natt og Taake

20150123-DSCF0101
Konsert: Taake, Hulen, fredag 23. januar 2015.
Taake, Bjørgvins staute brødre, inviterte til kamp på Hulen denne kalde januarkvelden. Svært mange lot seg lokke, så mange at det blei utsolgt ein times tid før bandet gjekk på scena. Dette er nok eit teikn på at Taake har ein stor og omfangsrik sirkel med følgarar og fans. Bandet er eit av dei mest etablerte black metal-banda Bergen byr på, og når dei speler i eigen by møter folk opp.

Det var kaldt og hustrigt ute i gatene, og regn og hagl piska den store køen utanfor Hulen. Det blei ein mørk kveld på mange måtar. Problem med billettsystemet  gjorde at køen snigla seg svært sakte på utsida av Hulen, og omsider innover grottekvelven. Vel innanfor kjempa gjennomvåte gjester for å få seg noko å styrke på i baren, og då betalingsautomaten braut saman krøyp den dystre stemninga endå lenger inn på kroppen.

Men Taake har vore ute ei vinternatt før. No har dei rett nok vore ute på tur i Sør-Amerika i det siste, men er heimkomne til gamle Norig for å by på musikk frå si siste plate, Stridens hus. Plata er er klassisk Taake, ein høyrer tydeleg kva band det er. Melodiøst, tidvis dissonant, drivande.

Den kalde forbanninga som har lagt seg over denne kvelden, råkar også artistane. Skarptromma skapar seg i første låt, og etter litt fikling og venting erklærer frontmann Hoest at det blir for dumt å vente, og bandet køyrer vidare. Rock, for faen.

Første halvdelen av settet er spekka med relativt nye låtar, både frå sist plate, men også Noregs vaapen (2011) og Taake (2008). Bandet er rutinert og sikkert, og Hoest gjer stadig ein god figur. Det er lett å ta for gitt, men at eit band har ein slik figur i front må ikkje undervurderast. Ikkje alle band er velsigna med scenetekke, men den autoriteten Taake syner fram, er fullstendig overveldande. Sånn skal det faen meg gjerast.

Siste delen av settet er av meir klassisk natur, og dei eldre låtane lyftar stemninga fleire hakk. Nattestid (1999), Bjoergvin (2002) og Doedskvad (2005) er edel Taake, og forblir knivskarpe plater i ein etter kvart stor diskografi.

Eit fullt konsertlokale veit kva dei går til når Taake spelar, og får levert som venta. Taake river fitten av deg når som helst.

Allāhu Akbar!

Tekst og foto: K. Herregaard

20150124-DSCF0191 20150124-DSCF0186 20150124-DSCF0184 20150124-DSCF0179 20150124-DSCF0165 20150124-DSCF0156 20150124-DSCF0142 20150124-DSCF0133 20150124-DSCF0131 20150124-DSCF0130 20150123-DSCF0121 20150123-DSCF0107 20150123-DSCF0104 20150123-DSCF0099

Taake, Hulen 23. januar 2015. Foto: KB

Taake, Hulen 23. januar 2015. Foto: KB

1 Kommentar

  1. ...naaaaatteeeestiiiiiiiiid.....

    29. januar 2015 at 11:43

    Altså, Taake gjorde en helt grei figur på Hulen. Mye kluss og rotete opptreden, men helt brukbart. Om det er nok til å «rive fitten av noen» er jeg usikker på. Da må den sitte temmelig løst på i utgangspunktet.

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*

© 2017 Ruzt.no

Theme by Anders NorenUp ↑