20141205-DSCF7404

Blues Pills overtyder i konsertformatet.

Blues Pills er eit drivande bluesbasert rockeband, med hovudsete i Sverige. Trommis og vokalist er svenske, medan bassisten er frå USA og gitaristen fransk. Dei samanliknar seg gjerne med artistar som Jimi Hendrix, Cream, Led Zeppelin og Fleetwood Mac, og i vokalregisteret er det ikkje unaturleg å nemne Aretha Franklin og Janis Joplin. Dei kom saman i 2011, og dei siste åra har dei gjeve ut eit par EPar, spelt ei rekkje konsertar, og vorte eit aldri så lite undergrunnsfenomen. I sumar kom dei ut med debutplata si på Nuclear Blast, noko som burde tyde på at dei er på veg ut i noko større.

Dei har vitja Bergen og Hulen tidlegare, men er no attende som del av ein større Europa-turné. Dei spelar også i Sandnes i dag fredag, og i Oslo laurdag.

Det er ingen oppvarmingsband denne torsdagen i desember. Då Blues Pills går på scena litt før elleve har publikum stimla seg saman, forventningsfulle. Det tek ikkje lang tid før vi alle er inne i godlynt stemning, trygt leda av svært habile musikarar. Vokalist Elin Larsson – med tamburin – er energisk og sjølvsikker, og hennar berande stemme er det som lyftar dette bandet endå høgare. Registeret er vidt, og intensiteten er der heile tida.

Vi får stadige prov på at bandet er forankra i 60- og 70-talets rockemusikk, og dei sveipar innom lett psykedeliske tonar, pulserande rytmar og meir varsame, tilbakelente soul-klangar – heile vegen med ein god groove, og presis handsaming av instrumenta. Stemma har eit tydeleg preg av soul, og akkompagnert av tamburinen føler eg stundom som om eg er i ei kyrkje, der gospelen varmar.

Den svært unge gitaristen Dorian Sorriaux er eit fenomen i seg sjølv, og gjer skam på mang ein gutteromsgitarist. Tidvis er han så dyktig at det er provoserande. Men det får vere greit. Glimt i auget har han: ved ein inkurie nynnar ein publikummar på ungdomsskuleriffet i Smoke on the water litt for høgt medan bandet stemmer gitarar. Sorriaux gjentek så dette instrumentbutikkriffet på eigen gitar, med eit smil om seg, før dei set i gang neste låt. Gitarist og bassist gjer elles ikkje så mykje ut av seg utover spelinga, kan hende er litt meir energi å håpe på i framtida.

20141205-DSCF7402

Mot slutten av konserten syner bandet oss igjen styrken i den framtredande kvinnestemma når Larsson står aleine og leverer vokallinene sine i opninga av låta Devil Man. Vi rekk å få inn litt gåsehud før resten av bandet sleg inn, tempoet aukar på og publikum nøgd nikkar takta.

Eg meiner dette bandet fungerer betre live enn på plate. Kanskje produksjonen på plata tek litt vekk frå den levande energien og dynamikken vi ser på scena. I alle fall kjem denne formen for musikk betre fram når ein er der, tilstade, når ein ser notane bli til. Eg opplevde noko av det same på sist Beyond the Gates, då Purson spelte. Eg trudde eg skulle sjå eit par kule låtar eg likte, men nærleiken til musikken løfta konserten til noko mykje meir enn låtane i seg sjølve. Desse banda er jo del av ein sjanger med sterke tradisjonar i framført musikk, og varmen som kjem fram på scena kan vere vanskeleg å fange på opptak.

Blues Pills står no ved eit vegskille, og dei er kanskje på veg inn på dei større scenane. Med ei solid plate på eit stort selskap, kraftfullt scenearbeid og sin eigen sjarm ser framtida lys ut for Blues Pills. Dei forvaltar arva frå 70-talets bluesrock godt, og held flamma i live. Har du høve, vil eg råde deg til å varme deg på denne flamma på ei scene nær deg.

KB Hus

20141205-DSCF7397