header_04

Ah, endeleg måndag! Heldigvis er det straks helg. I alle fall om du er klar for metallfestival: onsdag allereie opnar den tredje utgåva av Blastfest dørene. Dette året legg festivalen seg på ei heilnorsk linje, og presenterer mindre og større band frå Noregs rike. Variasjonen er framleis stor; her finn du ferske demo-band, veksande undergrunnsband, store og etablerte artistar, samt ei handfull legendar frå fortida. Vi tel 52 namn på plakaten, så ambisjonane er på ingen måte dempa – her blir det full rulle frå tidleg til seint. Vi hugsar frå dei to fyrste åra at allereie frå dag éin gjekk arrangøren hardt ut for å stable på beina den nye metall-festivalen på vestlandet, og no som tredje utgåva er her får vi  seie at Blastfest definitivt er etablert som ein nisjefestival innan «alternativ» musikk i Noreg.

Og vi har då kritisert også; vi synest det har vore ein litt ufokusert line-up, og litt for mange aktivitetar utanom kjerneaktiviteten – som stand-up, sightseeing, kino, jazz-innslag og så vidare. Det ser ut til å vere mindre av dette denne gongen (men noko er det jo). Kven kjernepublikummet skal vere, er framleis litt diffust. Festivalen har samla folk frå diametralt motsette posisjonar i metallen, men vi anar ei lita innstramming i år. Her skulle det vere mykje godt å få med seg for kvar og ein. Og når det er så mykje på plakaten, er det sjølvsagt at ein går glipp av ting. Enten fordi tida ikkje strekk til, eller fordi logistikken ikkje fungerer (slik som mellom den store og vesle scena på Verftet i fjor). Det er prisen å betale for å vere på stor-festival! Vi vonar alikvel at flyten går betre i år.

Det verkar heller ikkje som løysinga med å setje utelukkande norske band på plakaten har skada billettsalet, det ser ut til å gå godt – og stadig godt mot utlandet. Det er som vanleg venta mange tilreisande. Slikt er moro for ein liten vestlandsby. Her sparer ein pengar på flybillettar – det lovar godt for å hente seg inn økonomisk til neste års festival.

Ruzt.no ser fram til å delta på ein del av dei mange konsertane som går av stabelen den komande veka, og vonar logistikken fungerer. Om vi  – og publikum elles – kjem inn i festivalstemninga, er det ingenting som kan senke Blastfest. Vi gler oss!

Vi gler oss spesielt til:

Audiopain
One Tail, One Head
Execration
In the woods…
Red Harvest
Virus
Gorgoroth
Nekromantheon

– K. Herregaard

Fullstendig progam følger.
For oppdatert program, sjå http://blastfest.no/?page_id=1648

17th February 2016
Wednesday – Garage

18:00 – 18:30 HADENS
18:45 – 19:15 ENDEZZEMA
19:30 – 20:00 BLODHEMN
20:15 – 21:00 VOLUSPAA
21:15 – 22:00 SVARTTJERN
22:15 – 23:05 MISTUR
23:35 – 00:45 CHROME DIVISION

18th February 2016
Thursday – USF VERFTET

15:00 Doors open

SARDINEN – NEW WAVE STAGE

16:00 – 16:35 REPTILIAN
17:35 – 18:10 SUBLIME EYES
19:10 – 19:50 INCULTER
21:00 – 21:40 GRAVDAL
23:10 – 00:00 EXECRATION

2nd STAGE – USF STUDIO

16:00 – 16:35 IMAGES AT TWILIGHT
17:35 – 18:10 VIPER SOLFA
19:10 – 19:50 VULTURE INDUSTRIES
21:00 – 21:40 VIRUS
23:10 – 00:00 THRONE OF KATARSIS

MAINSTAGE – USF RØKERIET

16:35 – 17:25 KAMPFAR
18:10 – 19:00 DØDHEIMSGARD
19:50 – 20:50 TAAKE
22:00 – 23:00 …IN THE WOODS
00:15 – 01:30 GORGOROTH

19th February 2016
Friday – USF VERFTET

15:00 Doors open

SARDINEN – DARK ESSENCE STAGE

16:00 – 16:35 SULPHUR
17:35 – 18:10 SLEGEST
19:10 – 19:50 KRAKOW
21:00 – 21:40 COR SCORPII
23:10 – 00:00 THE 3rd ATTEMPT

2nd STAGE – USF STUDIO

16:00 – 16:35 AUDIOPAIN
17:35 – 18:10 ONE TAIL, ONE HEAD
19:10 – 19:50 FUNERAL
21:00 – 21:40 DJEVEL
23:10 – 00:00 NEKROMANTHEON

MAINSTAGE – USF RØKERIET

16:35 – 17:25 SOLEFALD
18:10 – 19:00 MANES
19:50 – 20:50 ARCTURUS
22:00 – 23:00 1349
00:15 – 01:30 IHSAHN

20th February 2016
Saturday – USF VERFTET

15:00 Doors open

SARDINEN – INDIE RECORDINGS STAGE

16:00 – 16:35 OSLO FAENSKAP
17:35 – 18:10 VREDEHAMMER
19:10 – 19:50 SAHG
21:00 – 21:40 IN VAIN
23:10 – 00:00 EL CACO

2nd STAGE – USF STUDIO

16:00 – 16:35 EVIG NATT
17:35 – 18:10 ALLFADER
19:10 – 19:50 BLOOD TSUNAMI
21:00 – 21:40 CVLT
23:10 – 00:00 ANCIENT

MAINSTAGE – USF RØKERIET

16:35 – 17:25 KHOLD
18:10 – 19:00 EINHERJER
19:50 – 20:50 RED HARVEST
22:00 – 23:00 GREEN CARNATION
00:15 – 01:30 ABBATH