20160218-DSCF7703

Tøylappar til sals i ein av bodene på Verftet

Onsdagen er vel overstått, og vi går vidare til dag to av Blastfest 2016. Festivalen har roa ned på dei tidlege arrangementa rundt om kring på scenar elles, og konsentrerer seg om festen på USF Verftet. Ikkje at det skortar på band der, 15 band står klare fordelt på tre scenar. Fullt program, og nok å velge i. Det verkar som om overgangane mellom banda er mjukare i år, og lagar mindre krøll for dei som ynskjer sjå fleire band på rad. Dei to minste scenane (Sardinen og Studio) har nøyaktig same sendeskjema, så ein må ta valet på førehand om kva for eit band ein går for. Og når dei to konsertane på dei små scenane er ferdig, startar banda på den store scena (Røkeriet). Overgangen andre vegen er ti minutt. Sidan publikum som regel ikkje blei slept inn på Studio før ti minutt før bandet gjekk på, danna det seg litt kø oppover i trappene, men alt i alt gjekk flyten betre i år.

20160218-DSCF7692

Astoroth design, smykkeverksemda til Thomas Skinlo Høyven (til høgre) var ein av dei som hadde salsboder på Verftet. Høyven er også vokalist i Suplhur, som spelte på Sardinen fredagen. Til høgre: Thomas de Ridder, salsmedarbeidar.

Illustratørane Kim Holm, Zbigniew M. Bielak og David Thierree stilte ut kunsten sin.

Illustratørane Kim Holm, Zbigniew M. Bielak og David Thierree stilte ut kunsten sin.

Oppover i etasjane var det også nokre få boder med skjorter og anna regalia, og illustratørar som solgte sine arbeid. Desse vart litt bortgøymde, og det var for trangt til å fungere som nokon sosial møteplass. For å ta ein pust i bakken måtte ein då henge i gangen nede, ut i regnet til røykarane, eller presse seg inn i restauranten Kippers. Litt meir rom til noko som tross alt er ein svært stor del av festivalhendinga, saknast!

Torsdagen hadde mange musikalske godsaker å by på, og allereie klokka 16.00 var vi på plass i Sardinen. Humrande med gårsdagen i minne, og forventningsfull.

Reptilian frå Fusa

Reptilian frå Fusa

Reptilian

Fyrst ut var Fusa-gjengen Reptilian. Klarar du å halde orden på Inculter, Reptilian, Sepulcher, Cockroach Agenda – og kven som speler kor – får du stjerne i margen. Reptilian, ja. Det er bra. Progressiv gamleskule death metal. Groove, taktskifter, vendingar og hailing. Kjappe thrasha saker går over i seige bangeparti. Eg likar korleis dei kompliserer riffa, og soleis gjev djupne i musikken. Fleire burde prøve det, å kome seg vekk frå folkehøgskuleformlane. Her var det berre sveisen til vokalisten som minna om folkehøgskule, og det varer neppe lenge. Desse gutane må berre køyre på.

K.H.

Kampfar

Kampfar

Kampfar

Spellemann-aktuelle Kampfar trekk mange til scena, dei er tydeleg populære. Det kan vere nok eit teikn på at Blastfest trekk mange tilreisande til seg, sidan Kampfar jo er eit av desse banda som gjer det stort nedover kontinentet. Bandet er veldig rutinert og innøvd. Dei er showmen, og ute for å lage liv på og frå scena. Til tross for litt overtrigga trommer og ein påtatt skitten amerikansk aksent, maktar bandet å drive opp stemninga inne på Røkeriet medan det framleis er lyst ute.

K.H.

Dødheimsgard

Dødheimsgard

Dødheimsgard

Eit av mange band eg skulle ynskje aldri spelte live. Dei er for snåle til å få grooven til å funke på scena. Slik tenkte eg også då DHG byrja inne på Røkeriet, men det må seiast at dette var den beste gongen eg har sett bandet. Bra lyd, ikkje for mange greier, og at Aldrahn dansar og fjollar rundt fungerer til ein viss grad, på ein Twin Peaks-aktig måte. Altså, hadde eg ikkje elska Dødheimsgard, hadde eg hata det. Men eg har eit godt forhold til spesielt Satanic Art (1998), 666 International (1999), og no fjorårets A Umbra Omega. Og låtane derifrå river godt, også live. Eg saknar ein gitar til inn i mellom, men dei vanvittige gitarløpa til Vicotnik held på merksemda. Dei avsluttar med Traces of Reality, og eg er svært nøgd.

Aldrahn i Dødheimsgard. Ville du kjøpt ein bil av denne mannen?

Aldrahn i Dødheimsgard. Ville du kjøpt ein bil av denne mannen?

K.H.

Rett fra jobb rakk jeg hjemom for å hive i meg en blings, før jeg måtte raske meg til Verftet for å rekke Dødheimsgard. Jeg rakk frem med god margin og kunne stille meg klar for musikalsk orginalitet, og kanskje en og annen klassisk låt fra de to første albumene. Desverre begynner konserten veldig sprikende. Lyden er dårlig, bassen høres ikke og det er veldig tynt med bare en gitar. Jeg er heller ingen fan av at effekter og tangenter spilles fra miksepulten. Heldigvis kommer bassen etterhvert frem men det hjelper ikke så mye på stemningen.  Jeg liker det nye materialet på A Umbra Omega (2015) men det lar seg ikke overføre til scenen i den pakken det presenteres her. Jeg tror de hadde kommet mye lenger med en gitar til, og en til å traktere tangenter og effekter på scenen. Aldrahn ser forøvrig ikke ut til å bry seg om forholdene og tar seg veldig bra ut i rød dress, sidecuts og flippskjegg mens han danser og fakter seg gjennom låtene som en slags ekstremmetallens Andrej Nebb. Som snart gammel grinebiter varmer det meg selvfølgelig at bandet spiller Når vi har dolket Guds hjerte  fra Kronet til konge (1995) men generelt er konserten en skuffelse.

A.T.S.

20160218-DSCF7772

Inculter

Fusa rockar vidare, med fleire av dei same medlemmene som i Reptilian. Inculter held seg til thrash, og på ein særs overtydande måte. Det er stadig godt å sjå nokon som har forstått garasjeelementa i metal, og som ikkje har polerte 90-talsband som førebilete. Forfriskande for ei Bergensscene som helst plukkar opp dei aller mest tilgjengelege verktøya dei snublar over. Fusa ser ut til å vere vestlandets Kolbotn. Og jo, ser ein etter så ser ein fort at det er noko svært Kolbotnsk over ideala i desse banda. Ikkje berre i det musikalske (positivt), men òg med kommunevåpen som backdrop og Sindre Solem-ske fakter med hår og sceneposisjonering (klamt). Fusa må finne seg sjølv, og det er eg overtydd om at dei vil gjere med litt meir modning.

K.H.

Så var det tid for Fusabandet Inculter. Man har allerede i et par år snakket om at det er noe spesielt i vannet i Fusa, siden det fra et ganske marginalt miljø med en del overlappinger har dukket opp band som Reptilian, Sepulcher og overnevnte Inculter som lever varene! Akk, om jeg bare hadde vert tøff da jeg var på dies alder. Inculter spiller thrashmetal med ADHD og skitten lyd og det leverer de også i kveld! De er veldig samspilte og tigthe, men soundet er samtidig skittent nok til at råskapen regjerer. De oser av attitude og feeder kjekt og juvenilt når en låt er ferdig før de begir seg ut på den neste. Det eneste jeg har å utsette på konserten er at denne typen thrash ikke kler å ha et så godt oppmica trommesett. Og det er jo bare tullepirk.

A.T.S.

Taake

Taake

Taake

Etter ein svært god, men alt for liten dose slete svin (pulled pork) i godt lag inne på Kippers, var det tid for Taake igjen. Kor mange gonger kan ein sjå Taake i Bergen i løpet av året? Ein heil del. Og det plar jo gjere seg. No er dei på festival på heimebane, så dei bør prestere. Og det er ingenting å utsetje på framføringa. Det er energisk og drivande, som seg hør og bør. Vokalist Hoest er framleis ein heilt formidabel frontmann, og rørslene hans over scenen autoritative. Han køyrer på heilt utan kappe denne kvelden. Eit par gjestevokalistar er innom og gjer det dei skal gjere. Under Myr frå Noregs Vaapen (2011) får gitarist Gjermund på seg banjoen, og etter å ha sett dette nokre gonger tidlegare føles det no som eit naturleg element i ein Taake-konsert. Leit at lyden på banjoen drukna. Taake opna sterkt, dala litt på midten, men kom seg opp att. Vel blåst.

K.H.

Hoest og Taake

Hoest og Taake

Litt senere stiller jeg meg opp for å bivåne Taake. Taake leverer nesten alltid varene live og dette var en konsert jeg hadde sett fram til. Til min store glede kan jeg konstantere at frontmann Hoest har droppet kappa han har brukt tidligere og er tilbake i gammel form med sine særegne fakter og spark. Det spilles både gammelt og nytt og jeg kan fornøyd konstantere at også i kveld leveres varene! Og mens man syns alt er fryd og gammen så entrer faen meg Trond Teigland fra Tarmer og Diapers (GG Allin-coverbandet, der faktisk Hoest en gang har spilt, tror jeg?), og tar vokalen på GG Allin-hiten Die when you die til stor møye. Taake leverer nesten alltid, og dette var en av gangene.

A.T.S.

Virus

Virus

Virus

Vanskelige Virus fungerer også denne gongen som ein power-trio, og det fungerer godt. Alt er så bra! Dette er ikkje akkurat synth pop, men det er spennande at noko så vanskelig kan ha slikt driv. Dei speler nokre låtar frå den komande plata, og det høyres definitivt ut som Virus. Vi gler oss!

K.H.

Execration

Execration

Execration

Det er så enormt. Alle må passe seg, for dette er musikk i toppsjiktet. Det er ei styggseig stemning inne i Sardinen, som også er velsigna med ein kjempegod lyd. Her står eg og får mange minne frå den fantastiske festivalen Til Dovre Faller (link). Høgdepunkt: Den seige avrundinga på A Crutch for Consolation og den thrasha avslutninga på Funeral Procession.

K.H.

Mens jeg gjør meg klar til å se Execration tenker jeg over hvor bra norsk deathmetal har blitt de siste årene, og at overnevnte band er ett av de som er skyld i dét. Og de viser med én gang at de fortjener tet-posisjonen jeg har skjenket de i mine tanker. Execration spiller tungt, fengende og atmosfærisk, og konserten er den første som virkelig får meg til å smile ondt og nikke med.

A.T.S.

Gorgoroth

Gorgoroth

Gorgoroth

Eg såg fram til å sjå Gorgoroth etter gamalt, eg trur ikkje eg har sett dei sidan Infernus sprang ut av kista under Hole in the Sky 2009 , og det var jo litt av ei oppleving. Denne kvelden er det Hoest (frå Taake) på vokal, som ser ut til å vere normen om dagen. Og der gjer han ein glimrande jobb, nedlesst i naglar og patronbelter. Gorgoroth er eitt av få band som får til stopperiff og får det til å fungere. Det er ei solid framføring av bandet, og byr på all staffasjen som ein ventar av eit slikt show: saueskallar, krossfesta nakne kroppar, flammar, kilovis med spiker og naglar, og ein lang diskografi. Dette funka.

K.H.

20160219-DSCF7919

Hoest og Gorgoroth

I forkant av festivalen var Gorgoroth det bandet jeg var mest spent på. Ryktene ville ha det til at Hoest fra tidligere nevnte Taake trakterte vokalen live om dagen, og det hadde jeg mildt sagt troen på! Forrige gang jeg så Gorgoroth var i 2009 med Pest på vokal. Den konserten overbeviste meg ikke helt så jeg var spent om denne besetningen ville lykkes bedre.

Det første jeg kan konstantere er er Gorgoroth er tilbake i full form når det kommer til det visuelle: Hver side av scenen prydes med korsfestede nakne kvinner smurt inn i blod, og trommesettet troner over en seng av sauehoder. Dette er jo akkurat som det skal være! Og Hoest ser ut som han aldri har gjort annet enn å være vokalist i bandet. Setlisten inneholder flere godlåter fra forskjellige steder i karrieren, men med en klar dominans av materiale fra 90-tallet (til undertegnedes store glede). Når til og med min favorittlåt Profetens åpenbaring sparker i gang, blir jeg så entusiastisk at jeg ser meg nødt til å brøle litt og hytte med neven. Konserten var over all forventning, og Gorgoroth demonstrerte at de fortsatt er et blackmetalband man kan regne med. En veldig god avslutning på en flott dag på USF Verftet.

A.T.S.

 

K. Herregaard og Audun Tvetene Sæter