20160218-DSCF7701

Alle gode ting er tre

På tredje året har Bergensfestivalen Blastfest smurt maskineriet, og festivalflyten er etablert. Ruzt.no går gjennom noko av det vi fekk med oss.

Så var tida her igjen, då. Blastfest let seg ikkje stoppe, men går inn i sitt tredje år, og har med det gjort seg sjølv til ein tradisjon i metall-verda i vest. Med tradisjonar kjem forventningar, og der dei første åra lugga litt vel mykje, ser det tredje året ut til å fungere langt betre for Ruzt-skribentane. Logistikken flyt betre, banda ein ser kan ein i større grad sjå utan å gå glipp av andre, og arrangørane ser ut til å ha modnast. Vi har hygga oss, sett mange band, og generelt hatt ei svært god festivaloppleving.

I år satsa festivalleiinga på kun norske band, som sikkert er bra for bookinglommeboka, men som også syner seg å vere ein god måte å presentere aktuelle undergrunnsband, etablerte storband, samt ei handfull legendar på. Og for dei tilreisande – som jo er ein heil del frå utlandet – er dei norske namna på plakaten ein fin rockebukett.

Her er noko av det to av Ruzt sine utsende fekk med seg på onsdagen i festivalveka:

Institusjonen Garage er rimeleg tett til ein onsdag å vere, og godt oppvarma av festivalpublikumet. Kvelden er utseld, og kjentfolka straumar på. Tre band har allereie spelt før vi maktar kome oss inn, og med heile sju band på plakaten skal det skal det godt gjerast å halde ut. Prioriteringane teiknar til å vere like harde i år som i fjor. Etter ein tur i baren dykkar vi ned i kjellaren.

20160217-DSCF5552

Voluspaa

Voluspaa fra Hønefoss-traktene har allerede begynt når jeg  får stilt meg opp med en øl, og med én gang hører jeg hva det går i. Her er det noen som har holdt tradisjonen med klein folk/symphoblackmetal fra rundt årtusenskiftet levende! Vi får servert fele, kauking, skriking, kvinnevokal, billig klimpresynth og strofer som «hellig er vårt norske land, hellig er vårt rike». Et lite øyeblikk lurer jeg på om det er satire ala Kostebilen; i så fall funker det kjempebra. Men jeg tror nok dessverre det er blodig alvor. Men for all del! De skal ha respekt for å holde foten i døra på et kapittel jeg for lengst trodde var lukket i metallhistorien.

A.T.S.

Du verda. Her har du ein gjeng som nyttar dei teatralske folk-elementa på ein ikkje-ironisk måte, og på eit vis får det til å fungere. Dei vekslar mellom å framstå som litt klamme og litt staute – men det ligg nok mykje på lyttaren her, for den som lytta på mykje ymse som kom ut frå midten av 90-talet og framover bør ein ha eit anstrengt forhold til denne sjangeren. Bandet gjer det greit, dei. Ein del litt for enkle melodilinjer gjennom det heile, men gøy. Det er noko… Haugalandsk over dette.

K.H.

20160217-DSCF5565

Svarttjern

Etter litt røyking og hilsing på gamle kjente er det tid for å se Svarttjern. Jeg så bandet på Infernofestivalen for 6 år siden, og den gang syntes jeg de var kjedelige og lite troverdige. Jeg kan fort konstatere at de har blitt mye flinkere til å spille på instrumentene sine, men at det skorter på resten. Et blackmetallband jeg ikke tror på, blir kun et sinna metallband. Jeg kan ikke helt sette fingeren på hva denne faktoren er, men jeg finner det ikke i Svarttjerns fremførelse. Musikken høres ut for meg som ganske standard saker, ikke ulikt andre band som knytter seg til denne TNBM-monikeren (noe jeg tror også disse gjør), og jeg kjeder meg rett og slett. De siste låtene droppes til fordel for røyking og juging med lokale og tilreisende skurker.

A.T.S.

Den illgjetne TNBM-merkelappen som gjev band kredibilitet – eller motsett

Den illgjetne TNBM-merkelappen som gjev band kredibilitet – eller motsett.

Eit band som har klistra TNBM-logoen på materialet sitt går på scena, så her kan alt skje… Vi snakkar oppskriftmetal, som betyr at lista ligg nokså høgt for å klare å gjere dette interessant. Diverre har bandet heller ikkje det scenetekket som kunne løfta konserten til noko meir enn eit skuldertrekk, og hyllinga av Satan blir for banal. Mange black metal-band slit med å halde det genuint, og kan sjå ut som ein gjeng som har kledd seg ut som eit black metal-band. Svarttjern er eit av desse. Musikken fungerer betre på plate.

K.H.

20160217-DSCF5581

Mistur

Etter nok juging og ølføring er det på tide å trekke ned igjen for å se Mistur. Det snart plateaktuelle bandet begynner med en nogen ullen lyd, og det hele er litt sprikende. Men etter hvert bedrer lyden seg, og med dét spiller bandet bedre også, og på de siste låtene svinger det bra!

A.T.S.

Sognametal? Kun som mimring, takk. Men så har Blastfest denne tradisjonen, då, at dei på mange måtar tvingar ein til å mimre. Og Mistur klarer å overtyde meg om at Sognaformelen fungerer. Det er driv, det er melodi, det er dynamikk, det er storslått og det er hytting med neven. Gøy å vere med på etter gamalt. Synthen kan vi snakke meir om ein annan gong.

K.H.

20160218-DSCF5590

Chrome Division

Siden hele onsdagen min gikk i ett var jeg for sliten til å se mer enn en låt av Chrome Division, som uansett er alt for harry for min smak. Men de ser ut til at de leverer varene og at publikum er helt med!

Alt i alt en hyggelig kveld tross en viss mangel på de helt store høydepunktene for min egen del.

A.T.S.

Om ein får lov til å nytte uttrykket breibeint om musikk, får vi bruke det her. Chrome Division leverer bourbon-infusert, dieselstinkande amerikansk biker-rock. Og dei leverer bra. Full pakke, og meir enn det. Skinnvestar, solbriller, gitarsoloar, heftige bro shouts (kompiskauking?), solid samspel og eit showmanship som få andre klarte levere denne kvelden. Musikken går godt til øl, og det skal godt gjerast å halde foten roleg om du har eit forhold til rock og metal. Tøft som faen! Men kor vart det av publikumet? Dette skulle jo vere eit festleg høgdepunkt på kvelden, men det ser ut til at folk har trukke heimover, kanskje for å halde formen nokonlunde fin til dei tre neste dagane.

Onsdagen hadde mykje å by på, og eit interessant utval av tilreisande. Mange kjente var innom, og festivalstemninga breidde seg like kjapt som taktskiftene på anlegget oppe. Garage kler verkeleg festivalar. Og med dette vart flamma tent. Vi såg fram til eit par dagar til med festival.

K.H.

 

K. Herregaard og Audun Tvetene Sæter