20150219-DSCF8613

Primordial på Verftet, torsdag.

 

Den framleis ferske metal-festivalen Blastfest vart halden i Bergen for andre gong i veka som var. Dette nye tilskotet i festivalfloraen opna svært ambisiøst for eit år sidan, med ei stor og brei satsing på band innan mange undersjangrar i metal. Det har vore mykje snakk om økonomiske utfordringar, uklar musikalsk profil, og jantelova har gått varm. Men festival har det blitt, og 2015-utgåva av festivalen ber ikkje preg av å ha lågare ambisjonar enn i fjor, tvert om. Heile 55 band har vore på plakaten over dei fire dagane, og det har vore ei rekkje tilbod om aktivitetar utanfor pensum. I motsetning til i fjor, har årets billettsal gått bra, og det har kome særs mange tilreisande for å få med seg Blastfest 2015. Ruzt.no ser litt på kva som har skjedd, og tek for oss nokre av våre høgdepunkt og skuffelsar gjennom dei mange festivaldagane.

Fleire Blastfest-saker:

Del 2 – fredag
Del 3 – laurdag
Intervju med Orange Goblin
Innblikk: Naer Mataron

Av og Audun Tvetene Sæter

Onsdag

Fjordcruise
Purple Hill Witch (no)
Aspherium (no)
The 3rd Attempt (no)
Grimfist (no) – avlyst

Festivalen opna det musikalske programmet sitt på båten Showline, som la frå kai i to-tida onsdag. Den sigla ein runde i lokale farvatn, med ein liten gjeng internasjonale gjester og tre norske band ombord (det fjerde bandet, Grimfist, måtte avlyse grunna sjukdom). Bergensvêret var også tydleg til stade, men ein båt inhylla i tåke og regnskurer bør kunne halde på ein forventningsfull stemning, smurt av alkoholservering og nye kjenningar.

Garage
Falloch (uk)
The Sickening (no) – avlyst (grunna sjukdom, ha ha)
Kall (se)
Naer Mataron (gr)
Gehenna (no)
Bömbers (no)

Seinare på kvelden var det på an igjen i kjellaren på Garage, der fem band spelte sine konsertar.

Les om konfrontasjonen vår med Naer Mataron her.

Bömbers

Underteikna kom seint til festen, men var klar for det suverene Motörhead-coverbandet Bömbers. Det er alltid kjekt å få stadfesta kor solid dette bandet er, og kor festleg stemning dei klarar å skape. Å sjå legendene i Motörhead er alltid kult, men ein må finne seg i å vere på nokså store scenar, med tidvis slitsomme mengdar folk rundt seg. Med Bömbers ved roret får ein høve til å oppleve klassiske låtar i ein intim atmosfære, og med svært kompetente musikarar og show-menn på scena. Mange reknar dei å vere eit betre live-band enn originalen, men eg skal vere varsam med slike påstandar. Uansett: Terningkast fest! 

(K. H.)

«Alle sammen: snu dåkkar den veien!»

«Alle sammen: snu dåkkar den veien!»

Bömbers

Bömbers

Torsdag

Garage
Tortorum (no)
Djevelkult (no)
Dead to this World (no)
Hecate Enthroned (uk)
Den Saakaldte (no)

Då festivalen vart annonsert, var torsdagen meint å vere den første av tre festivaldagar. Etter at mange gjester hadde erklært at dei ville komme til byen dagen før, vart onsdag sett opp med ekstra aktivitetar for dei som kom tidleg. Alikevel var storinnrykket på torsdagen, og det starta tidleg. Frå lunsjtider og utover var det klart for fem band nede på Garage. Dette fortel noko om kor ambisiøs og omfattande festivalen er. Ein skal vere godt rusta for å halde på frå 12 om føremiddagen til 3 på natta, det seier seg sjølv at ein må prioritere hardt.

Verftet – Studio
Saturnus (dk)
Melechesh (il)
Orange Goblin (uk)
Craft (se)
Moonsorrow (fin)

Verftet – Røkeriet
Rotting Christ (gr)
Samael (ch)
Primordial (ie)
Dark Tranquility (se)
Watain (se)

Etter Garage-konsertane var over gjekk det ein litt over ein time før det braka laus ute på USF Verftet. Den gamle båt-, trikotasje-, og sardinfabrikken ute på Nordnes er ein kjend og kjær konsertarena for rutinerte festivalgjengarar i Bergen by. Den legendariske metalfestivalen Hole in the Sky hadde sine største konsertar på Verftet i åra 2003–2011, og fleire i Ruzt.no har mange gode minne frå den tida. Etter ei total rehabilitering av lokala opna «nye» Verftet våren 2013, med gode forhold for lyd, servering, toalett, garderobe og konsertavvikling elles (ølprisane er forresten ikkje pussa opp, dei er framleis ekkelt høge). Og no er det Blastfest sin tur.

På Verftet vert konsertane haldne på to scenar, Røkeriet og Studio. Røkeriet har ein kapasitet på 1250 mann, og Studio, som ligg eit par etasjar over, har plass til 300. Dette tyder først og fremst éin ting: kø. På det jamne er det fem minutt mellom konsertane oppe og nede. Skal ein vere sikra plass til ein konsert oppe, må ein sjå til og pelle seg ut av den store salen minst ein halvtime før konsertslutt. Det betyr igjen ei svært vanskeleg prioritering mellom band ein likar.

Samael

Slutten på sveitsiske Samael vitna om at bandet ikkje har endra seg så mykje dei siste åra – men at dei har endra seg kraftig frå sin tidlege periode. Dei var eit etablert black metal band i undergrunnen på tidleg 90-tal, og eitt av desse banda som faktisk klarer å nytte ein trommemaskin til eit elles organisk lydbilete, og sleppe unna med det. Worship Him (1991), Blood Ritual (1992) og Ceremony of Opposites (1994) er klassiske og tidvis eksentriske plater. Men seinare har elektronikken og det industrielle dominert, og med mykje hopping og spretting på scena er det ikkje mykje black metal igjen å spore.

Etter konserten var konsertlokalet ovanpå – der Orange Goblin spelte – fullt. Og køa stod stille, og strakk seg ned trappene og inn mot det store konsertlokalet. Det var berre å sosialisere til neste høve.

Primordial

Irske Primordial var neste band på Røkeriet. Underteikna har sett dette fenomenale bandet mange gonger tidlegare, og eg har enno til gode å sjå ein dårleg konsert. Deira blanding av folkelege element, naturmystikk, storslåtte tekstar og ein av tidenes beste frontmenn gjer dette bandet til eit enormt live-band. Frå den nye plata Where Greater Men Have Fallen fekk vi tittelsporet, Babel’s Tower og overraskande nok sistesporet Wield Lighting to Split the SunNo grave deep enough representerte forrige plate, medan Gods to the Godless tok oss tilbake til fortida. Det heile vart runda av med den monumentale Empire falls frå To the Nameless Dead (2007). Diverre var konserten prega av mykje romling i basstrommene og andre låge frekvensar, som gjorde at mykje av lyden drukna. Det kom seg litt utover, men det blei aldri optimalt.

(K. H.)

Primordial

Primordial

Primodial starter med med Where Greater Men Have Fallen og tross litt skrall lyd og tekniske problemer på en gitar klarer de å overbevise fra første stund! Lyden blir bedre utover settet og vokalist A.A. Nemtheanga har en vanvittig karisma og sceneautoritet. Som ekstranummer spiller de Empire Falls som er manges favoritt, og allsangen på refrenget runger i røkeriet. Alt i alt en meget bra konsert, som hadde vært enda bedre om det tekniske og lyden var på topp.

(A. T. S.)

Craft

Det svenske black metal-bandet Craft har vore ein undergrunnsfavoritt hos mange dei siste 15 åra. Men det var ikkje før i september 2014 at bandet spelte sin aller første konsert. Slikt kan jo slå begge vegar, og sjølv om eg diggar bandet, hadde eg lunkne forventningar då eg kom til Studio-scena. Dei hadde med seg ikkje mindre enn tre gitaristar, som alle alle visuelt sett kunne spelt i tre vidt forskjellige band (og som eg mistenker gjer det). Vokalist Nox var den einaste som køyrde black metal-pakke. Ved trommene satt Uruz, mellom anna kjend frå vårt eige Urgehal. Sistnemde er ein forrykande god trommis, og attpåtil ein god showmann. Pluss for dét. Gitarane var litt ubalanserte i starten, men det kom seg utover, og eg synest det fungerte. Nox var nokså anonym i framtoninga si, og i det heile mangla live-bandet ein god del for å matche det brutalt solide låtmaterialet sitt. Men når ein høyrer slike drivande låtar som Craft sine, er det vanskeleg å ikkje hygge seg. Etterkvart vart det ei jævlig bra oppleving. Grooven er endå med meg. Minuspoeng for å avslutte med tittelsporet frå Void (2011), den er litt for moderne i forma med demperiffa sine, og fungerte ikkje live. Høgdepunkt: Fuck the universe.

(K. H.)

Craft

Craft

Craft

Craft

Jeg hadde veldig lave forventinger til Craft på forhånd, for undergrunnshelter med lang fartstid, men minimal konserterfaring pleier å lande med mageplask når de først hiver seg ut i manesjen. I og med at jeg måtte gå opp trappen til lokalet og vente i over en halvtime for å sikre meg en plass bandt de heldige 300, hadde jeg god tid til å tenke på det. Når bandet endelig starter, virker det som jeg skal få rett. Lyden er, tross 3 gitarer, skral. Og selv ikke kongelåter som Death to planet earth klarer å innfri. Men etter hvert kommer lyden seg skikkelig, og Craft innfrir som bare faen! Låtene får endelig det lydbildet de fortjener og det begynner å svinge riktig så mye. Trommisen er konsertens store vinner og gjør en fantastisk hardtslående og stødig jobb gjennom hele settet. Mot slutten spilles Ablaze og feelingen er total! All venting og tenners tidvise gnissel var alt verdt det, for å se Craft gjøre akkurat de de gjør best; nemlig å kopiere gammal Darkthrone. Etter dette skader det ikke at de også spiller det som må være bandets store hit Fuck the universe, selv grinebitere som meg som egentlig har et ambivalent forhold til låten rives med. Bandet velger å avslutte med en låt fra sistealbumet som ikke gjør det for meg i det hele tatt, og konserten ender i et grandiost antiklimaks som heldigvis ikke skygger over for låtene før det.

(A. T. S.)

Watain

Svenske Watain var siste bandet i Røkeriet denne torsdagen. Bandet, med sin dedikasjon til det spirituelle, så vel som det musikalske, er inhylla i mystikk, men dei er paradoksalt nok særs tilgjengelege med sin melodiøse svartmetall. Dei er også kjend for store sceneshow, men denne kvelden var det nokså dempa; eit par sauehovud og scenalteret med nokre levande lys utgjorde ramma. Stemninga var også litt dempa, av ein eller annan grunn. Musikalsk var spekteret breitt. Vi fekk mellom anna On Horns Impaled, Puzzles of Flesh, I am the Earth og Legions of the Black Light, medan høgdepunkta for min del var Total Funeral (for ein låt!) og siste låten, Malfeitor, begge frå Lawless Darkness (2010). Men det var langt mellom høgdepunkta denne kvelden.

(K. H.)

E. med den sedvanlege kalken med blod, på veg til ein publikummar nær deg.

E. med den sedvanlege kalken med blod, på veg til ein publikummar nær deg.

Watain

Watain

 

Jeg har mistet telling på hvor mange ganger jeg har sett Watain, og de har aldri skuffet meg før nå. Det som var litt mystisk og skummelt har blitt rutine og det som en gang var veldig stilren klassisk black metal, har blitt ispedd litt vel mye klassisk metal for min del. Det nyere materialet fenger meg ikke like mye som det eldre. Bandet gjør en strålende jobb teknisk, og om jeg skulle vert helt objektiv ville jeg nok sagt at konserten var kjempebra. Men jeg har mye følelser bundet til dette bandet, og jeg kjenner at magien jeg har følt når jeg har sett Watain før, mangler. En sjarmoffensiv med Puzzles Of Flesh får meg til å mykne opp litt og glemme det jeg står og tenker på. Bandet høyner med å dra On Horns Impaled og I am the earth like etterpå. Erik Danielsson er forsatt en veldig god frontfigur med stor karisma og lyden er god men jeg blir stående og gruble. Er det rett og slett det at flammene og stanken mangler? Blir bandet svakere uten deler av sitt sceneshow? Nei, jeg har sett de levere stemning før, selv med ganske så nedstrippet staffasje. Mens outroen messer over Røkeriet og bandets sedvanlige avslutningsritual utføres, står jeg skuffet igjen uten å kunne forklare godt nok hvorfor.

(A. T. S.)