Satyricon

Satyricon

Laurdag

To av Ruzt.no sine utegåande var også på plass på Blastfest sin siste dag. Vi fekk med oss ein handfull av dei vanvittig mange banda som spelte, og kastar her lys over nokre av dei.

Andre blastfestsaker:

Del 1 – onsdag og torsdag
Del 2 – fredag

Konfrontasjon med Naer Mataron
Intervju med Orange Goblin

Av Rolf Oldeide og K. Herregaard
Garage
Crib45 (fin)
Bölzer (ch) – avlyst
Bölzer – avlyst

Den siste festivaldagen hadde eg, og mange med meg, stor von om å sjå sveitsiske Bölzer i kjellarmørkret på Garage. Denne hardtslåande duoen har vore eit fenomen i undergrunnen dei siste åra, og gjort solide konsertar heile to gonger på Til Dovre Faller. Men fredag publiserte dei ei melding på si Facebook-side, der dei skreiv at arrangøren ikkje har makta å skaffe dei flybilettar, til tross for at dei har vore på Blastfest sin plakat sidan juli 2014. Mange vart skuffa av dette, og lurte svært på kva som hadde skjedd. Det tok eit døgn før Blastfest sjølv kommenterte, og det gjorde dei nøyaktig ein halv time før bandet skulle stå på scena. Då skreiv festivalsjef Christiansen på Facebook at det hadde skjedd ein glipp, og at Bölzer difor ikkje kom til å spele.

Screenshot 2015-02-28 11.05.17 Screenshot 2015-02-28 11.06.59

Slikt er sjølvsagt svært leit, og ein kan forstå at det er mykje å ta tak i rundt ein festival på denne storleiken. Ein glipp kan råke alle. Men at arrangøren gløymer å tinge reise for band som skal spele på festivalen, det er heilt nytt for meg. Og at informasjonen ikkje når ut til publikum før bandet skal spele, er for dårleg. Dette er eit av dei mange snodige hendingane rundt Blastfest, som til saman har gjort festivalopplevinga i år litt kjøleg.

For dei som vil oppleve Bölzer i konsert, opnar det seg heldigvis eit høve i august. Då skal dei igjen prøve seg på scena på Garage, under Beyond the Gates. Lat oss håpe dei kjem seg til byen då.

(K. H.)

Lørdag skulle bli dagen da undertegnede klarte å karre seg avgårde til erstatningen for Hole in the Sky, nemlig Blastfest. Dette var andre året festivalen gikk av stabelen, fjerde og siste dag. Planen var å møte opp på Garage for å se sveitsiske Bölzer smøre sin seige og dystre metal i trynet på de svartkledde, men bandet hadde ikke engang kommet til flyplassen i hjemlandet. Blastfest hadde glemt å betale flybillettene. Bömmer!

(R. O.)

Blood Red Throne

Neste på plakaten som var interessant for min del, var festivalsjefen sitt eget band, Blood Red Throne. Har ikke hørt all verden på de før, men visste det gikk i old school Death Metal, og det funker bra nok. Uansett, køen utfor er laaang, og etter en god stund i pissregnet er det åpenlyst at den er stillestående. Kjelleren på Garage er stappfull. Irriterende for meg, men veldig positivt for festivalen i seg selv. Lett å frykte at kun en håndfull metallskaller gidder å møte opp så tidlig på festivalens siste dag, men så feil kan en ta. Respekt.

(R. O.)

Studio
Tsjuder (no)
Asphyx (nl)
Demilich (fin)
Røkeriet
Sarke (no)
Finntroll (fin)
Vallenfyre

Klok av skade sørger jeg for å være noenlunde tidlig ute ved Studio-scenen i andre etasje på USF, for å høre neste band. Da skal nemlig Vallenfyre banke massene, og dette er helt klart bandet jeg har gledet meg mest til. Riffmekker Greg Mackintosh fra gamle Paradise Lost startet visst dette bandet som en ren sorgprosess etter at hans far gikk bort, og det oser bittert sinne av begge platene deres. Disse hadde jeg hørt meg godt opp på, men blir veldig overrasket når Greg sjøl klamrer tak i mikrofonstativet med begge hendene og rauter ut sin lidelse. En får visst ikke med seg hvem som er vokalist når en hører på Spotify, for jeg var sikker på han var gitarist. For meg lukter riffene til Vallenfyre lang vei av det fortapte paradiset, bare veldig gratinert i stygg, fuzzete svensk dømetall og kjørt opp i fjerde gir. En slags deppa kullsvart versjon av tidlig Entomed, altså.

En kjekk overraskelse uansett, for Mackintosh growler og gauler som en proff inne i de pistrete dreadsene han har anlagt. Resten av bandet, som og består av en traver fra My Dying Bride, kjører hardt og tett gjennom setlista når det først står på. For ganske snart viser det seg at Greg liker å preike, eller kjefte, mellom låtene. Kokken på Blastfest får sitt: «We were told he was the best chef in Norway, but still he managed to fuck up the potatoes!» Greg sin mening om skandinavisk black metal? «All you really need are the two first Bathory albums! That’s it, they got it all» Ikke liker han lykkejegere i gamle band heller: «Old reformed bands headlining festivals: yes or no? Well, I say no». Greg syntes de har det for lett og dedikerer låta «Instinct Slaughter» til sliterne i Napalm Death. Greg utbasunerer og «I’m on drugs tonight!» til stor jubel fra publikum, før bandet raser seg gjennom «Odious Bliss» Og til slutt: «We only got time for one more song now, since you let me talk so much shit!» Gøyelse! Storkoser meg fullstendig, denne festen kunne fint vart i en time til! Terningkast Blast!

(R. O.)

Decapitated

Etter påfyll av øl og røyk, setter polakkene i Decapitated i gang på storscena nede i Røkeriet. Jeg mener å ha sett bandet før, men kommer nok ikke til å stresse med å se de igjen. Teknisk er de dyktige som få, til tider ren Meshuggah-matematikkmetall, og det hele låter veldig pent og ryddig over anlegget. Alle som spiller i metallband syntes å like det de hører, men jeg begynner fort å kjede meg. Kanskje er jeg ennå sjokkskadet av det soniske rølpet til Vallenfyre, hvem vet. Uansett holder jeg en liten knapp på Vader når det kommer til polsk dømetall. Terninkast flink.

(R. O.)

Et forsøk på å komme seg opp trappene til Studio for å se norske Tjuder blir fort oppgitt. Køa er lang som et vondt år, og ølialisering i baren frister mer. Får høre flere klager fra fortvilte sjeler som gikk glipp av de engelske stonergutta Orange Goblin på tordagen, opplegget fungerer ikke optimalt. På mange festivaler er man tvunget til å velge mellom favorittband på flere scener, men da får en gjerne med seg hele konserten. Blastfest har lagt opp til et veldig solidarisk program i teorien, alle skal få, men i praksis får en følelsen av at mange fyller opp de 300 plassene i lille Studio scene «bare for å ha sett bandet». Ergo, mange blodfans risikerer å misse ut. En må i så fall passe klokka og hive seg rundt i tide. Uansett, det er ikke til å stikke under stol at skitpreik, latter og øl er god grunn alene til å gå på metalfestival, og således trives jeg ekstremt godt i USF sine nyoppussede lokaler. Atmosfæren er lystig og det vrimler av kjentfolk. Så gøy har jeg det at jeg bortimot glemmer å se thrasherne i tyske Destruction, som er neste band ut på Røkeriet.

(R. O.)

Destruction

På store scena på Verftet stod ein av dei «tre store» innan teutonisk thrash. Eg set ofte Sodom og Kreator over Destruction, men for all del, Destruction har vel så mykje å vere stolte av. Alle desse har til saman gjort noko av det ypperste av europeisk thrash metal, og at dei held koken etter over 30 år med hodeskaking, står det respekt av. Destruction opnar med den klassiske Curse the Gods frå plata Eternal Devastation (1986), og fulgte opp med den sterke Nailed to the Cross frå den nyare The Antichrist (2001). Her var det mykje krut som vart brent av i starten! Veldig gøy å oppleve. Og det var kanskje like greit at dei gjekk så sterkt ut, for eg måtte snart kom meg avgarde, for å sikre meg ein plass opp på Studio, der finske Impaled Nazarene skulle spele.

(K. H.)

Destruction

Destruction

Av thrash metal har vel amerikanske band dominert øregangene mine mest, men tyske Kreator har jeg alltid hatt god plass til, og aller minst til Destruction. Så disse gutta i kjelleren på Garage for noen år siden, og mener de var råere og mer intens den gangen, for igjen begynner jeg å kjede meg. Sikkert mest min feil, for det så ut som det er livat foran scena. Terningkast greit.

(R. O.)

Impaled Nazarene

Finnane i Impaled Nazarene var ein av pionérane innan finsk black metal, og var svært synlege som eit black metal-band på tidleg 90-tal. Etterkvart som åra gjekk vart dei meir melodiøse, meir rølpete, meir grind core-inspirerte. Bandet i dag er kanskje meir assosiert med motorsyklar, latex og sprit, men har framleis det sataniske geite-preget over seg. Dei har eit veldig driv og tempo, og dei har ein tendens til å få det til å nykke i fest-musklane. Live så har dei vore litt av og på (eg minnest eit svært glissent Elm Street, då dei spelte der på Pro Patria Finlandia-turnéen sin i 2006), men eg har gode minne frå Hole in the Sky-konserten deira på Garage i 2002.

Det skulle sjå ut til at denne konserten ikkje skulle rekke å skape særleg til minne, for like etter dei sette i gang den andre låten sin, gjekk brannalarmen på heile Verftet. Alle vart jaga ut, og det gjekk ein 20–30 minuttar før brannvesen og politi hadde klara opp i situasjonen, og folk kunne sleppast inn att. (Det ryktes at det var ein klem som hadde gått over styr, og ein alboge hadde løyst ut ein varslingsknapp på veggen. Så veit vi om nokon som vakna opp med tidenes fylleangst dagen derpå…). Eg kom meg inn att til eit fullstappa Studio (igjen), og bandet heldt fram med å spele, og heldigvis også over oppsatt speletid.

Brannalarmen går, og publikum forlet scena der Impaled Nazarene har spelt éin låt.

Brannalarmen går, og publikum forlet scena der Impaled Nazarene har spelt éin låt.

Bandet som står på Studio-scena denne kvelden er heldigvis ikkje så fjasete som eg hadde frykta. Dei verkar vere i form, og har teke det roleg med vodkaen. Dei framførte låtar frå heile karrieren sin, også mykje kult frå gamle dagar. Både Tol Cormpt Norz Norz Norz (1992), Ugra-Karma (1993) og Suomi Finland Perkele (1994) var godt representerte. Dei var også innom Goat Sodomy frå Pro Patria Finlandia (2006). Då publikum stod med knyttnevane og hoia i den Boyd Rice-inspirerte opninga på Total War, Winter War, blei det nesten flaut, men heldigvis ikkje så flaut at det ikkje var fett. Bandet ber heile tida på eit smil bak fasaden. I det heile så var det ein heilt grei konsert, men det er tydeleg at energien i bandet ikkje er den det ein gang var. Eventuelt så krevst ein ImpNaz-konsert eit noko større inntak frå publikum si side, for å verte optimal…

(K. H.)

Jeg kommer meg opp til Studio litt senere, og tar en titt på finnene i Impaled Nazarene. Dette bandet har jeg prøvd å digge på plate, men det har funket dårlig. Har likevel et vagt minne om en vill opptreden sist de var i byen, men denne kvelden blir jeg bare sliten. Flintskallen som vræler i mikrofonen virker også trøtt, står krokbøyd og ser i scenegulvet, og resten av bandet durer fram som en gressklipper på høygir. Terninkast meh. Får sjekke ut om andre finner funker bedre.

(R. O.)

Finntroll

Av ein eller annan grunn vart eg ståande i bakgrunnen av Finntroll sin konsert i Røkeriet. Og eg vart ståande å måpe. I alle dagar. Eg har absolutt ikkje sansen for dette finske fjasebandet, men den energien dei skapte framme ved scena var upåklageleg. Publikum hoppa, gynga og dansa (ja, dansa) i takt med polka-taktene, og for dei som likar denslags må det ha vore ein fabelaktig konsert. Plusspoeng for å dra opp stemninga!

Men eg vart minna på at dette ikkje er min type festival. Noko av problemet til Blastfest, er at dei ikkje klarar å bestemme seg for kva dei vil vere. Det er ein handfull kule band som treff meg svært godt, og som eg veldig gjerne vil sjå. Men så er det ein heil del odde band (som Finntroll, Dark Tranquility, Tiamat og Hypocrisy) som slettes ikkje er med på å trekkje meg til denne festivalen. Den musikalske profilen rett og slett for brei og uklar, og freistar å gape over for mykje på ein gang.

(K. H.)

Finntroll

Finntroll

Alkoholinntaket må ha nådd taket på Blastfest når Finntroll inntar Røkeriet, for straks de sparker i gang, hopper og spretter massene vilt til folk/black metal-rytmene. Bandet fremstår helstøpt teknisk, energisk og fullt oppstaset til sceneshow. Alle er raggete uniformert, har lange alveører og skitten sminke, spesielt vokalisten minner meg om nissen Fritz fra The Julekalender i drakten sin. Jeg blir stående å måpe en god stund, usikker på om jeg skal ta dette seriøst eller ei, men bestemmer meg til slutt at de er veldig flinke og underholdende. Terningkast støveldance.

(R. O.)

Asphyx

For å avklimatisere meg selv fra tusser og troll, finner jeg igjen veien til lille Studio scene for å se Asphyx. Disse nederlenderne er death metal med stor D, og har nærmest legendestatus innen sjangeren. Kunne nok ha hørt mer av dette bandet opp gjennom årene, men har friskt i minne at tidlige plater som «Embrace the Death» og «The Rack» har fått kjørt seg noen ganger på stereoen. Biter meg ikke merke til noen spesielle låter denne kvelden, men blir stående å nyte den soniske brutaliteten som ruller over publikum. Lokalet er perfekt for bandet, og det låter tett, svett og fett som gammal dømetall skal. Terninkast digg.

(R. O.)

Satyricon

Eg hadde ikkje store planar om å sjå Satyricon heller, men vart ståande, og fekk med meg konserten. Dei er rutinerte og dyktige live, og veit å levere. Men dette er også deira skuggeside. Mange år som eit av noregs store rockeband har slipt vekk ein heil del av brodden deira; det er langt frå Hvite Krists Død og ein heilaften i Operaen. Eg har ikkje sansen for Satyricon etter Volcano (2002), det vert for klinisk, arrangert og kalkulert. Den mekaniske tromminga til Frost kler dette sterile lydbiletet svært godt, og det fungerer også på scena. Satyr er flink til å få med seg publikum, og dei som likar «nye» Satyricon fekk ein solid konsert denne kvelden.

Medan eg stod gamal og bitter, lengtande til gamle dagar, drog bandet i gong Filthgrinder frå Rebel Extravaganza (1999). Då vart eg ung att. Og eg kom på kor inst i helvete kul plate det der er. Dette var ein periode i norsk ekstremmetal der mange eksperimenterte, og til dels freista fjerne seg litt frå den etablerte andrebølge-black metallen som dominerte på midten av 90-talet. Satyricon gjorde dette med glans, og å høyre Filthgrinder denne kvelden, var heil suverent. Dei gjekk så over til Du Som Hater Gud, frå den klassiske Nemesis Divina (1996). Gåsehud.

Fuel for Hatred vart spelt, og eg synest den framleis har eit godt driv over seg. Den no diverre overspelte Mother North kom også, men til tross for at det er ein svært sterk låt, er den diverre brukt for mykje som hitlåten til bandet live. Det som ein gong byrja som spontan publikumssynging av midtpartiet i songen, har no vorte rutine – forventa og produsert.

Alt i alt verkar publikummet til Satyricon å vere splitta i to leirar – før og etter Volcano. Begge leirar vil ha sitt, og eg merka godt på dei rundt meg at det var svært delt kven som tok av på Du Som Hater Gud (1996), og kven som tok av på Nekrohaven (2013).

Satyricon er eit godt og veletablert metalband, men for meg framstår dei i dag meir som ein eksportartikkel enn ein artist. Med klubbe!

(K. H.)

Satyricon

Satyricon

Siste band på Røkeriet for kvelden er norske Satyricon. Ingen stor headliner når du selv er norsk og har mer sans for grim BM, enn så liten den er. Men det virker som mange tilreisende «blackpackers» er begeistret, og flott er det. Mange metallskaller fra Bergen og Norge forøvrig er nok med tiden blitt litt likegyldig til det hele. Alle større band som en før måtte til Oslo for å oppleve, ramler innom byen titt og ofte, og BM-band er dagligdags. Er du derimot blodfan fra New York og får se norsk BM i Norge, ikke minst Bergen, så er det stor stas. Dette publikummet blir nok større neste Blastfest, men en kan jo ikke klage. Turisme er penger og penger er fest for Bergen by. Ordfører Trude Drevland har skjønt dette, og åpnet gladelig festivalen i finkjole og djeveltegnet hevet i været.

Undertegnede har resignert for kong alkohol når Satyricon kjører igang de siste låtene. Syntes så vidt å huske at de spiller «Fuel for Hatred» og avslutter med «K.I.N.G». Tøft. Passe kule låter, bandet er proff, lyden er bra og alle er glade. Og fulle. En sjangler seg ut av lokalet etter festivalsjef Yngve har takket alle, og Elvis crooner over lydanlegget. Takk Yngve og Blastfest, festen var en blast! Sees neste år.

(R. O.)

 

Fleire Blastfest-saker:

Del 1 – onsdag og torsdag
Del 2 – fredag

Konfrontasjon med Naer Mataron
Intervju med Orange Goblin