Satan

Satan

Ruzt.no freistar å kome til hektene, og ser på nokre av høgdepunkta frå fredagen på Blastfest. 

Fleire Blastfest-saker:

Del 1 – onsdag og torsdag
Del 3 – laurdag
Intervju med Orange Goblin
Innblikk: Naer Mataron

Fredag

Garage
Wyruz (no)
Sarkom (no)

Det var folksamt på Garage på føremiddagen, og det var hyggjeleg å registrere at desse tidlegkonsertane stundom var godt vitja. Eg hadde ambisjonar om å sjå Keep of Kalessin etter gamalt, men sjølv om eg var på plass midt i Endstille sin konsert, var det berre å gløyme å komme ned til neste band. Køen strakk seg bortover gata, og det er tydeleg at norske Keep of Kalessin – no aktuelle med plata Epistemology – er av interesse. Det har sjølvsagt også ein heil del å gjere med at Garage har plass til 300 gjester, medan Blastfest har solgt langt, langt fleire billettar. Først-til-mølla-prinsippet har vore fronta sterkt alle dagane, både i sentrum og på Nordnes.

Keep of Kalessin er halvegs i settet sitt, men køen står forventningsfull i regnet.

Keep of Kalessin er halvegs i settet sitt, men køen står forventningsfull i regnet.

 
Studio
Baptism (fin)
Morgoth (de)
Satan (uk)
Røkeriet
Paradise Lost

Ute på Verfet byrja festivalen tære på helsa, men som ein vis mann ein gong (eller fleire) sa: «Det er bare å kjøøøøre på!». Eg vart ståande å sjå på Paradise Lost. Tidlegare var dei ein særs sentral figur i den engelske gothic doom-scena, saman med My Dying Bride og Anathema. Seinare har dei gjort mykje eksperimentelt, elektronisk og synth-baserte greier, og delvis rista av seg doom-stempelet. Eg har ikkje fulgt med på bandet etter millenniumskiftet, men det gjorde ingenting denne kvelden. Bandet køyrde ein hit-kavalkade frå 90-talet, og var innom mellom anna Mortals watch the day, Pity the sadness, Remebrance, Gothic og As I Die, alle låtar som har vore med og gjeve statusen bandet flyt på framleis. Eg høyrde også Tragic Idol, som er tittelsporet på siste plata deira frå 2012. Vokalist Nick Holmes kan framleis ikkje syngje live, men det var artig å høyre desse låtane igjen etter gamalt. Mykje mimring. Men så var det på tide å sikre seg plass i køen opp til scena oppe, så eg forlot siste delen av konserten nede.

Paradise Lost, gamle heltar.

Paradise Lost, gamle heltar.

Paradise Lost

Paradise Lost

Deströyer 666

For oppe spelte nemleg black-thrash-ulvane i Deströyer 666. Dei var i storform, og den australske kvartetten leverte energisk, kjapp og truverdig metal. Heilt suverent. Trommisen er stødig og brutal, resten av bandet er så jævla på. Høgdepunkt: I am the Wargod og Black City – Black Fire.

Deströyer 666

Deströyer 666

Deströyer 666

Deströyer 666

Satan

Satan er ein del av pensum om du likar New Wave of British Heavy Metal. Og at eg skulle få sjå dei igjen i Bergen etter den fenomenale Garage-konserten på Beyond the Gates, hadde eg ikkje trudd. Men der stod dei jo, som om dei kom rett frå 80-talet. Blide, overbevisande, og med falsetten i behold (i motsetning til m.a. Angel Witch). Vi fekk mange klassiske låtar frå den episke Court in the Act (1983): Trial by Fire, Blades of Steel og Break Free, men også solide låtar frå tidskapselen Life Sentence, som kom i 2013: Incantations, Twenty Twenty Five og Time to Die. Det er sjeldan å høyre ei plate på denne sida av 2010 som høyres ut som 1983, men Satan er eit av desse banda som forblir seg sjølv – og forblir bra. God konsert. Godt band!

K. Herregaard

20150221-DSCF8716

Satan

Satan

Fleire Blastfest-saker:

Del 1 – onsdag og torsdag
Del 3 – laurdag
Intervju med Orange Goblin
Innblikk: Naer Mataron