20160218-DSCF7701

Alle gode ting er tre

På tredje året har Bergensfestivalen Blastfest smurt maskineriet, og festivalflyten er etablert. Ruzt.no går gjennom noko av det vi fekk med oss.

Så var tida her igjen, då. Blastfest let seg ikkje stoppe, men går inn i sitt tredje år, og har med det gjort seg sjølv til ein tradisjon i metall-verda i vest. Med tradisjonar kjem forventningar, og der dei første åra lugga litt vel mykje, ser det tredje året ut til å fungere langt betre for Ruzt-skribentane. Logistikken flyt betre, banda ein ser kan ein i større grad sjå utan å gå glipp av andre, og arrangørane ser ut til å ha modnast. Vi har hygga oss, sett mange band, og generelt hatt ei svært god festivaloppleving.

I år satsa festivalleiinga på kun norske band, som sikkert er bra for bookinglommeboka, men som også syner seg å vere ein god måte å presentere aktuelle undergrunnsband, etablerte storband, samt ei handfull legendar på. Og for dei tilreisande – som jo er ein heil del frå utlandet – er dei norske namna på plakaten ein fin rockebukett.

Les mer